Flyttblokk
Utsjånad
Ei flyttblokk er ein stein som er vorte transportert av isbrear eller drivis over lange strekningar, og som vart liggjande igjen då isen smelta. Flyttblokker kan vere transportert til dømes frå Oslo til England, og kan vege over 100 tonn. Dei er særs alminnelege i Noreg og i andre tidlegare nedisa område.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Flyttblokker. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 19. november 2013 frå http://snl.no/flyttblokker.