Fiona May
Fiona May | |
Statsborgarskap | Italia, Storbritannia |
Fødd | 12. desember 1969 (55 år) Slough |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988, Samveldeleikane 1990 |
Utmerkingar | offiser av Republikken Italias fortjenstorden, kommandør av Republikken Italias fortjenstorden |
Fiona Marcia May (fødd 12. desember 1969) er ein britisk-italiensk friidrettsutøvar fødd i Slough. Ho vart verdsmeister i lengdehopp både i 1995 og 2001.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]May deltok internasjonalt for Storbritannia og England fram til 1993. I 1994 gifta ho seg med ein italiensk stavhoppar og representerte sidan Italia.
Det var som italiensk utøvar May oppnådde den store suksessen. Frå og med EM 1994 til VM 2001 plukka ho medaljar i alle dei store meisterskapane. Desse åtte sesongane vann ho to VM-gull, fire sølvmedaljar og to bronsemedaljar i olympiske leikar, verdsmeisterskap og europameisterskap. Mays personlege rekord i lengdehopp er på 7,11 m og frå EM 1998 i Budapest, der ho likevel måtte seg seg slått av tyske Heike Drechsler.
Tidvis tevla May også i tresteghopp og presterte i 1998 eit hopp på sterke 14,65 m, noko som gav henne femteplassen på årsbestelista i verda. Ho la idrettsskorne på hylla i 2005.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- OL 1988 i Seoul: Nr 6 i lengdehopp – 6,62 m
- EM 1990 i Split: Nr 7 i lengdehopp – 6,77 m
- VM 1991 i Tokyo: Utslått i kvalifiseringa (6,54 m =nr 19)
- OL 1992 i Barcelona: Utan resultat
- VM 1993 i Stuttgart: Utslått i kvalifiseringa (6,42 m =nr 14)
- EM 1994 i Helsinki: Bronsemedalje i lengdehopp – 6,90 m
- VM 1995 i Göteborg: Gullmedalje i lengdehopp – 6,98 m, framom Niurka Montalvo (6,86 m)
- OL 1996 i Atlanta: Sølvmedalje i lengdehopp – 7,02 m, bakom Chioma Ajunwa (7,12 m)
- VM 1997 i Aten: Bronsemedalje i lengdehopp – 6,91 m
- EM 1998 i Budapest: Sølvmedalje i lengdehopp – 7,11 m, bakom Heike Drechsler (7,16 m)
- VM 1999 i Sevilla:Sølvmedalje i lengdehopp – 6,94 m, bakom Niurka Montalvo (7,06 m)
- OL 2000 i Sydney: Sølvmedalje i lengdehopp – 6,92 m, bakom Heike Drechsler (6,99 m)
- VM 2001 i Edmonton: Gullmedalje i lengdehopp – 7,02 m, framom Tatjana Kotova (7,01 m)
- VM 2003 i Paris: Nr 9 i lengdehopp – 6,46 m
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Fiona May» frå Wikipedia på engelsk, den 24. juni 2017.
- «Fiona May» (på engelsk). Olympedia. Henta 10. mars 2023.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1969
- Britiske lengdehopparar
- Italienske lengdehopparar
- Verdsmeistrar i friidrett for Italia
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Italia
- Britiske deltakarar under sommar-OL 1988
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988
- Britiske deltakarar under sommar-OL 1992
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1996
- Italienske deltakarar under sommar-OL 1996
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2000
- Italienske deltakarar under sommar-OL 2000
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000
- Italienske deltakarar under sommar-OL 2004
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004