Finiq
Finiq | |||
---|---|---|---|
Høglandet i Finiq | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region |
Albania Vlorë | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
444 km² | ||
Innbyggjarar[1] - By (2011) |
10 529 | ||
Koordinatar | 39°54′0″N 20°3′0″E / 39.90000°N 20.05000°E | ||
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) | ||
Plassering | |||
Finiq kommune innafor regionen Vlorë |
Finiq (gresk Φοινίκη, Finíki) er ein landsby og ein kommune i regionen Vlorë i Albania. Kommunen ligg langt sør i landet og grensar i nordaust til regionen Gjirokastër, i søraust til nabolandet Hellas.
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at dei tidlegare landkommunane Livadhja, Dhivër, Aliko, Finiq og Mesopotam vart slått saman.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i landsbyen Dermish.
Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande landkommunen Finiq 1 333 innbyggjarar, medan dei fem kommunane som i dag utgjer storkommunen Finiq, til saman hadde 10 529 innbyggjarar.[1]
Tidlegare administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]Fram til år 2000 var dei tidlegare landkommunane Livadhja, Dhivër og Aliko ein del av distriktet Saranda, medan Finiq og Mesopotam høyrde til distriktet Delvinë.[3] Den dåverande landkommunen Finiq omfatta busetnadene:[2]
- Finiq
- Buronjë
- Çlirim
- Vrion
- Karahaxhë
- Bregas