Hopp til innhald

Fiksdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fiksdal
tettstad
Utsyn over Fiksdal
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Vestnes
Areal 0,31 km²
Folketal 234  (2023)
Folketettleik 755 / km²
Postnummer 6394 FIKSDAL
Kart
Fiksdal
62°37′03″N 6°50′59″E / 62.6175°N 6.8497222222222°E / 62.6175; 6.8497222222222
Wikimedia Commons: Fiksdal

Fiksdal er ein tettstad i Vestnes kommune i Romsdal i Møre og Romsdal. Tettstaden ligg på vestsida av Tomrefjorden, ved utlaupet av Fiksdalselva, og har 234 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Tettstaden har grunnskule og daglegvarebutikk. Sør for bygda står Fiksdal kyrkje, ei langkyrkje i tre frå 1866.[1]

Nedskriven historie for Fiksdal spenner attende til 1600-talet. Ifølgje Rekdal[2] har folketalet stige jamnt frå om lag 60 i år 1600, til 216 i år 1840. Seinare steig folketalet raskare, og låg på 650 personar i 1900. I 1960 var folketalet 707 personar.

Bilete frå Fiksdal

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Fiksdal». Store norske leksikon. 12. januar 2016. Henta 1. mai 2018. 
  2. Rekdal, Olav (1899-1981) (1977). Gards- og slektshistorie for Vestnes - Tresfjord. [Vestnes]: Vestnes kommune. ISBN 9788299311625.