Fijipetrell
Fijipetrell | |
Status | |
Status i verda: Kritisk truga | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Stormfuglar Procellariiformes |
Familie: | Stormfuglfamilien Procellariidae |
Slekt: | Pseudobulweria |
Art: | Fijipetrell P. macgillivrayi |
Vitskapleg namn | |
Pseudobulweria macgillivrayi |
Fijipetrell (Pseudobulweria macgillivrayi) er ein liten, mørk petrell i stormfuglfamilien, med ekstremt liten populasjon. Han var tidlegare rekna som medlem av slekta Pterodroma og ber det alternative vitskaplege namnet Pterodroma macgillivrayi.
Denne fuglen er ca. 29 cm, med vengespenn på 73 cm, og kroppsmassen er målt til 120-145 gram.[1] Han er einsfarga mørk sjokoladebrun, har mørke auge, nebb og føter med lyseblå flekker på symjehuda. Nebbet er relativt kraftig og vengene lange. Fijipetrellar kan sjåast i farvatna rundt Gau Island, Fiji, men ein trur dei spreiier seg til pelagiske farvatn langt frå øya.
Fijipetrellen var opphavleg kjent frå eit eksemplar av ein ungfugl funne i 1855 på Gau Island etter at ein forskar tok prøven med til British Museum i London. Eksemplaret vart gjenoppdaga i 1983, etter det er det komme ytterlegare sju registreringar, som inkluderte fanging og fotografering av eit vaksent individ i april 1984.
I august 2007 vart ein fersk hudprøve av ein skadt fijipetrell, som seinare døydde, gjort tilgjengeleg for studium på Fiji.
I mai 2009 vart dei første bileta av fuglen på havet tatt ca. 25 nautiske mil sør for Gau Island.[2]
Denne arten er klassifisert som kritisk truga, fordi alle observasjonane som til saman er gjort er frå ein liten populasjon på mindre enn 50 individ, og populasjonen er avgrensa til eit svært lite hekkeområde.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på «Fiji Petrel» frå Wikipedia på engelsk, den 20. juni 2012
- Hadoram Shirihai, Pym T., Kretzschmar J., Moce K., Taukei A. og Watling D. First observations of Fiji Petrel Pseudobulweria macgillivrayi at sea: off Gau Island, Fiji, in May 2009 Arkivert 2015-03-08 ved Wayback Machine. Bull. B.O.C. 2009 129(3) Henta 20. juni 2012
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Shirihai et al, 2009
- ↑ BBC Earth News 'Lost seabird' returns to ocean Henta 20. juni 2012
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- BirdLife International (2012) Species factsheet: Pseudobulweria macgillivrayi. Henta frå http://www.birdlife.org den 20. juni 2012.
- NatureFiji-MareqetiViti Pseudobulweria macgillivrayi Arkivert 2013-05-09 ved Wayback Machine. Henta 20. juni 2012