Eskil
Utsjånad
- Denne artikkelen handlar om mannsnamnet. For byen i Tyrkia, sjå Eskil i Tyrkia.
Eskil, Eskild og Askild er mannsnamn av norrønt opphav. Eskil har namnedag den 15. september.
Eskil er ei dansk og svensk form av det norrøne Áskell, på norsk også kjend som Askjell.
Namnet er sett saman av áss, 'ås' og ketell, '[offer]kjel'.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Heilage Eskil (1000-talet), engelsk misjonær til Sverige, gravlagd i Eskilstuna
- Biskop Eskil (1100-talet), dansk erkebiskop
- Mårten Eskil Winge (1825–1896), svensk målar
- Eskil Hemberg (1938–2004), svensk komponist
- Eskil Erlandsson (f. 1957), svensk politikar
- Eskil Åsmul (f. 1972), norsk forfattar
- Eskil Vogt (f. 1974), norsk filmregissør
- Eskil Ervik (f. 1975), norsk skøyteløpar
- Eskil Rønningsbakken (f. 1979), norsk balansekunstnar
- Askil Holm (f. 1980), norsk musikar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Eskil – mannsnavn» i Store norske leksikon, snl.no.