Edgar Rice Burroughs
Utsjånad
Edgar Rice Burroughs | |
![]() | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 1. september 1875 Chicago |
Død |
19. mars 1950 (74 år) |
Yrke | romanforfattar, manusforfattar, vitenskapsdiktningsforfatter, prosaforfatter, barnebokforfattar, skribent |
Språk | engelsk |
Sjanger | science fiction, fantasy, eventyrroman, planetarisk romanse, sword and planet, western |
Far | George Tyler Burroughs |
Mor | Mary Evaline Zieger |
Ektefelle | Florence Gilbert |
Born | John Coleman Burroughs |
![]() | |
Edgar Rice Burroughs på Commons |
Edgar Rice Burroughs (1. september 1875–19. mars 1950) var ein amerikansk forfattar. Han er særleg kjend som opphavsmannen til Tarzan og serien om John Carter på Mars.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/61/Tarzan_of_the_Apes.jpg/220px-Tarzan_of_the_Apes.jpg)
Edgar Rice Burroughs var fødd i Chicago i Illinois. Han gjekk på militærhøgskole og var ei tid militær ved eit kavaleriregement. Deretter arbeidde han i ulike yrke - han var cowboy, gullgravar, politi og kontortilsett. Gjennombrotet fekk han med debutromanen Tarzan of the Apes (1914) som vart følgd av ei mengd Tarzan-romanar.[1] Burroughs skreiv òg science fiction, som til dømes forteljingane om den oppdikta jorda i forteljingane om Pellucidar og bokserien om John Carter på Mars.
Burroughs døydde i Encino i California.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Edgar Rice Burroughs» frå Wikipedia på svensk, den 8. oktober 2018.
- ↑ Carlquist, Gunnar; Carlsson, Josef: Svensk uppslagsbok. Bd 5, Malmö : Förlagshuset Norden 1947-1955, s. 402. Libris 11112. Henta 2015-05-10.