Durga
Durga | |||
| |||
Andre namn | sanskrit दुर्गा, Durgā | ||
---|---|---|---|
Barn | Ashokasundari |
Durga er ei av hovudformene til morgudinna i hinduismen. Ho er knytt til styrke, vern, moderskap, krig og øydelegging.[1][2][3] Ho blir vidt dyrka av folk som følgjer den gudinne-sentrerte sekta sjaktisme, og har stor tyding i andre retningar som sjaivisme og vaisjnavisme.[4][5]
Namn
[endre | endre wikiteksten]Ordet Durga (दुर्गा) betyr bokstaveleg ‘uframkomeleg’,[1][6] ‘uovervinneleg, uangripeleg’.[7] Det er i slekt med ordet durg (दुर्ग) som tydger ‘borg, nokoosom er vanskeleg å overvinna eller passera’.
Durga er også kjend som Mahisa-mardini, for å ha drepe bøffeldemonen Mahisjasura.[8] Ho er også kjend som Vindhyavasini (‘ho som bur i Vindhyafjella’).[9] Andre epitet er Mahamoha (‘stor villeiing’), Mahasuri (‘den store ho-demonen’), Tamasi (‘den store natta, villeiingsnatta’).[9]
Innan sjaktisme har Durga mange epitet. Dei ni namn hennar som Navadurga er: Shailaputri, Brahmacharini, Chandraghanta, Kushmanda, Skandamata, Katyayini, Kalaratri, Mahagauri og Siddhidatri.
Framstilling
[endre | endre wikiteksten]Durga blir framstilt som ei vakker og mektig kvinne. Ho har ei løve eller ein tiger som ridedyr (vahana).[10] Gudinna blir ofte framstilt med fleire par armar som held ulike våpen, og kan visast i kamp mot demonar[11][12][13][14] eller med ein demonkonge ho har sigra over, Mahisjasura, ved føtene. Ho er rekna som maken til Sjiva, men opptrer som oftast åleine.
Tilbeding
[endre | endre wikiteksten]Durga-dyrking er utbreidd i India, med Bengal, Nepal og Himalaya som viktige kjerneområde. Ho blir ofte dyrka under våp- og hausthøgtider, særleg Durga puja, Durga ashtami, vijayadashami, dipavali og Navaratri.[6][15] Durga-festen eller Durga-podja blir feira om hausten i samband med høgtida navaratri (‘ni netter’).
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Encyclopedia Britannica 2015.
- ↑ David R Kinsley 1989, s. 3–4.
- ↑ Charles Phillips, Michael Kerrigan & David Gould 2011, s. 93–94.
- ↑ Paul Reid-Bowen 2012, s. 212–213.
- ↑ Lynn Foulston & Stuart Abbott 2009, s. 9–17.
- ↑ 6,0 6,1 James G Lochtefeld 2002, s. 208.
- ↑ Laura Amazzone 2012, s. xxii.
- ↑ David Kinsley 1998, s. 95.
- ↑ 9,0 9,1 David Kinsley 1998, s. 99–100.
- ↑ «Durga» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ Wendy Doniger 1999, s. 306.
- ↑ David R Kinsley 1989, s. 3–5.
- ↑ Laura Amazzone 2011, s. 71–73.
- ↑ Donald J LaRocca 1996, s. 5–6.
- ↑ Constance Jones & James D Ryan 2006, s. 139–140, 308–309.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- «Durga - Hindu mythology». Encyclopedia Britannica. 19. februar 2015. Arkivert frå originalen 7. mai 2017.
- Laura Amazzone (2012). Goddess Durga and Sacred Female Power. University Press of America. ISBN 978-0-7618-5314-5. Arkivert frå originalen 17. mars 2020.
- Laura Amazzone (2011). Patricia Monaghan, red. Goddesses in World Culture. ABC-CLIO. ISBN 978-0-313-35465-6. Arkivert frå originalen 17. februar 2017.
- Alain Daniélou (1991). The Myths and Gods of India: The Classic Work on Hindu Polytheism from the Princeton Bollingen Series. Inner Traditions / Bear & Co. ISBN 978-0-89281-354-4.
- Wendy Doniger (1999). Merriam-Webster's Encyclopedia of World Religions. Merriam-Webster. ISBN 978-0-87779-044-0.
- Lynn Foulston; Stuart Abbott (2009). Hindu Goddesses: Beliefs and Practices. Sussex Academic Press. ISBN 978-1-902210-43-8.
- Constance Jones; James D Ryan (2006). Encyclopedia of Hinduism. Infobase Publishing. ISBN 978-0-8160-7564-5. Arkivert frå originalen 23 March 2017. Henta 15 February 2017.
- David R Kinsley (1989). The Goddesses' Mirror: Visions of the Divine from East and West. State University of New York Press. ISBN 978-0-88706-835-5. Arkivert frå originalen 17. februar 2017.
- David Kinsley (1998) [First published 1986]. Hindu Goddesses: Visions of the Divine Feminine in the Hindu Religious Tradition. Motilal Banarsidass Publications. ISBN 978-81-208-0394-7. Arkivert frå originalen 28. oktober 2020.
- David Kinsley (1997). Tantric Visions of the Divine Feminine: The Ten Mahavidyas. University of California Press. ISBN 978-0-520-91772-9.
- James G Lochtefeld (2002). The Illustrated Encyclopedia of Hinduism: A-M. The Rosen Publishing Group. ISBN 978-0-8239-3179-8.
- Donald J LaRocca (1996). The Gods of War: Sacred Imagery and the Decoration of Arms and Armor. Metropolitan Museum of Art. ISBN 978-0-87099-779-2.
- Charles Phillips; Michael Kerrigan; David Gould (2011). Ancient India's Myths and Beliefs. The Rosen Publishing Group. ISBN 978-1-4488-5990-0. Arkivert frå originalen 17. februar 2017.
- Paul Reid-Bowen (2012). Denise Cush; Catherine Robinson; Michael York, red. Encyclopedia of Hinduism. Routledge. ISBN 978-1-135-18979-2. Arkivert frå originalen 24. desember 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Durga» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juni 2024.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Durga» i Store norske leksikon, snl.no.