Dura i Hebron
Dura | |||
دورا, Durrah | |||
kommune | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Hebron guvernement | ||
Koordinatar | 31°30′24.45″N 35°01′39.78″E / 31.5067917°N 35.0277167°E | ||
Folketal | 28 268 (2007) | ||
Bystatus | 1967 | ||
Borgarmeister | Mustafa Khalil Rjoub | ||
Dura i Hebron 31°30′24″N 35°01′40″E / 31.506791666667°N 35.027716666667°E | |||
Kart som viser Dura i Hebron.
| |||
Wikimedia Commons: Dura, Hebron |
Dura (arabisk دورا) er ein palestinsk by som ligg 11 kilometer sørvest for Hebron i Hebron guvernement sør på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på over 28 268 i 2007.[1]
Etymologi
[endre | endre wikiteksten]I følgje kommunen kjem namnet «Dura» frå eit kanaanittisk ord som tyder hus, og ikkje frå det arabiske ordet for korn.
Det kanaanittiske namnet frå oldtida er Adoraim, og er nemnt i Bibelen (2. Krøn 11:9) som ein av byane som Rehoboam bygde festningsverk i.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen vart kalla «Adora» i antikken. Mellom åra 57 og 47 fvt., vart regionen i hashemoneiske kongedømet Judea delt i fem distrikt eller synedria, der Adora truleg var hovudstaden aust i Idumaea.[2] Etter dette vart Idumaea ein del av distriktet Judea i nord, og den ein gong så kraftig helleniserte byen vart hovudsakleg jødisk.[3]
Tidleg i islamsk tid, var Dura kjend for vindruene sine og ei type rosin kalla duri.[4]
Osmansk tid
[endre | endre wikiteksten]I 1596 stod Dura oppført i osmanske skattelister som ein del av Khalil nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 49 muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, oliven, vindruer eller frukttre, og geiter eller bikubar.[5]
I 1834 deltok innbyggjarane i Dura i eit opprør mot egyptaren Ibrahim Pasha, som tok over området i 1831 til 1840.
I 1877 fekk løytnant Kitchener nokre gutar i Dura piska etter at dei hadde kasta steinar på eit medlem av Palestine Exploration Fund.[6]
I 1883 vart Dura i «Survey of Western Palestina» skildra som «ein stor og nærande landsby i ei åsside, med ope lende i aust. Sletta vart dyrka med korn. Nord for Dura stod nokre få oliven tre, og andre stod i sør. Husa er av stein. Sør for landsbyen er to Mukamar med kvite kuplar, og i vest, oppafor landsbyen, ligg grava til Neby Nuh. Nær desse ligg det nokre gravholer. Staden er godt forsynt med vatn frå tre kjelder i aust og ei i sør.»[7]
Klima
[endre | endre wikiteksten]Klimaet i Dura er tørt om sommaren, men får noko nedbør om vinteren. Årsmiddelnedbøren er kring 500 mm.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dura, Hebron» frå Wikipedia på engelsk, den 27. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.119.
- ↑ Josefus, Jødiske oldsager 14.91; and M. Avi-Yonah, The Holy Land: A Historical Geography from the Persian to Arab Conquest (Jerusalem: Carta, 2002), s. 84.
- ↑ Avi-Yonah, s. 96.
- ↑ The Pilgrimage of Arculfus i Holy Land (ca. 670). Palestina Pilgrims Text Society. 1895. s. 69.
- ↑ Wolf-Dieter Hütteroth and Kamal Abdulfattah (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. s. 124.
- ↑ Palestine Exploration Fund, Quarterly Statement. January, 1878. s.14.
- ↑ C. R. Conder and H. H. Kitchener (1883). The Survey of Western Palestine III. London: The Committee of the Palestine Exploration Fund. s. 304.