Dombås stasjon
Dombås stasjon | |
Stasjonsområde | |
---|---|
Stad | Dombås |
Distanse | 343,04 |
Opna | 1913 |
Arkitekt | Arnstein Arneberg, Gudmund Hoel, Bjarne Friis Baastad, Arvid Sundby |
Linjer og rutedrift | |
Linje(r) | Dovrebanen og Raumabana |
Eigar(ar) | Bane NOR |
Overgang | |
Dombås stasjon er ein jernbanestasjon på Dovrebanen og endestasjon for Raumabana frå Åndalsnes i Møre og Romsdal. Stasjonen ligg ved tettstaden Dombås i Dovre kommune i Innlandet fylke og vart opna i 1913 då Dovrebanen si strekning frå Otta sto ferdig. I 1921 opna Raumabana til Bjorli og Dovrebanen opna til Trondheim. Stasjonen ligg 659 meter over havet. Frå Dombås stasjon til Oslo S er det 343,04 km. Til Trondheim S er det 209 km.
Stasjonsbygningar
[endre | endre wikiteksten]Fyrste stasjonsbygning (1913)
[endre | endre wikiteksten]Den opphavlege bygninga då Dombås stasjon opna var teikna av arkitekt Arnstein Arneberg. Bygninga var ei toetasjes bygning i tre i same nasjonalromantiske stil som fleire andre av Arneberg sine stasjonar langs strekninga Otta-Dombås, til dømes Brennhaug stasjon. På stasjonstomta var det eit stillverkstårn, eit frittståande godshus og eit stort vanntårn i mur. Sør for stasjonsbygninga sto eit stort privétbygg og ein kiosk teikna av Erik Glosimodt. Bygninga hadde restaurant driven av AS Norsk Spisevognselskap. Stasjonen brann ned då Dombås vart bomba i april 1940. Medan kampane gjekk føre seg, vart det innreidd eit provisorisk kontor i jernbanetunnelen. Godshuset, to funksjonærbustader og fleire jernbanevogner vart øydelagde i bombinga.
Andre stasjonsbygning (1941)
[endre | endre wikiteksten]Etter at den opphavlege bygninga brann ned, var det snart reist ei ny bygning som sto klar i 1941. Arkitektar var Gudmund Hoel og Bjarne Friis Baastad. Bygninga hadde to etasjar, kjellar og ei sidebygning med godsrom i nordre enden. I fyrste etasje var det ekspedisjonskontor, stasjonsmeisterkontor, telegrafistkontor, venterom og restaurant med kjøken. Bygninga hadde òg ein kiosk. I andre etasje var det stasjonsmeisterbustad og overnattingsrom for personalet med inngang frå baksida. I 1956 vart bygninga forlengja med eit tilbygg for jernbanerestauranten.[1]
Bygninga var reist i teglstein og blokkar av siporex (lettbetong).[2] Yttermuren var dekka av puss. Taket var valma og tekt med skifer og sinkplater.
I 1956 vart stasjonen forlengja i sør med eit tilbygg for restauranten, venterommet vart utvida og det vart bygd nye trapper til toaletta i kjellaren. Arkitekt for ombygginga var Arvid Sundby. Seinare vart det innreidd eit rom for sikringsanlegget i andre etasje over restauranten. Kiosken og restauranten vart lagt ned før 1980-talet, og tilbygget sto tomt fram til det vart bygd om til lokalar for baneavdelinga rundt 2008.
NSB Bygningsregistring omtala i 1981 stasjonsbygninga som av middels verneverdi, og ho er ikkje verna eller freda.
Lokstallen (1912)
[endre | endre wikiteksten]Lokstallen var den einaste bygninga på stasjonsområdet som ikkje vart råka av bombinga i 1940.[3][4]
Lokstallen var teikna av Harald Kaas og reist i betongmur med grå puss i 1912. Han hadde fire spor i sjølve stallen og to spor i banemeisterens verkstad og lager. Seinare tilbygg var kvilerom for personalet (1932) og garderobar, spiserom og tre overnattingsrom (1948). Same år vart det bygd ein traktorstall inntil lokstallen. Utvidingane var teikna av Gudmund Hoel og Jens Flor. Lokstallen vart riven i 2019.[5]
Stasjonsbyen Dombås
[endre | endre wikiteksten]På stasjonen vart det bygd ei stor mengde mindre bygningar, mellom anna smie (1936), overnattingsbustad og banemeisterkontor (1950), elektrokontor (1947), to velferdshus (1942 og 1943 (riven 1981) og elektrolager og verkstad (1968). Utanom stasjonsområdet var det reist ei rekkje vaktarbustader (1920-talet) og seks funksjonærbustader (1960-talet).
Førre stasjon | Bane NOR | Neste stasjon | ||
---|---|---|---|---|
Endestasjon | Dovrebanen | Dovrebanen | ||
Endestasjon | Raumabanen | Raumabanen | Endestasjon | |
Fjerntrafikk | ||||
Endestasjon | F6 | F6 | ||
Regionaltrafikk | ||||
Endestasjon | RE10 | RE10 ett daglig togpar | ||
Endestasjon | R65 | R65 | Endestasjon |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ NSB Arkitektkontoret (1988). Aasmund Dahl, red. Bygningsregistrering: Hamar distrikt: Raumabanen. s. 74–87.
- ↑ NSB Arkitektkontoret (1981). Aasmund Dahl, red. Bygningsregistrering Hamar distrikt. Eidsvoll-Dombåsbanen 2. (PDF).
- ↑ Arne Aamodt (1972). Norges Statsbaner i tiden 1940-45: kortfattet historikk.
- ↑ Egil Ulateig (1998). Heimevernets hjerte: Heimevernskolen Dombås 1948–1998. ISBN 8299469503.
- ↑ «Historisk jernbanebygning rives for tre millioner kroner». www.gd.no. 8. november 2019. Henta 26. mai 2024.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Stortinget (1908). Stortingstidende. Forhandlinger i Stortinget. Efterm. 9. juli. Ang. nye jernbaneanlæg - Raumabanen. s. 2875-2883.
- Arbeidsdepartementet (1912). St.prp. nr. 126 (1912). Om plan for Raumabanen m.v.
- Arbeidsdepartementet (1915). St.prp. nr. 105 (1915). Om plan med overslag for Raumabanen m.v.
- Noregs Statsbanar (1924). O. Høgslund, red. Raumabanen. Utgitt til banens åpning den 29. november 1924.
- Noregs Statsbanar (1958). Sluttrapport fra Raumabanen – jernbaneanlegget Dombås–Åndalsnes – Åpnet for trafikk 29.11.1924. s. 63-99.
- Arne Aamodt (1972). Norges Statsbaner i tiden 1940-45: kortfattet historikk.
- NSB Arkitektkontoret (1988). Aasmund Dahl, red. Bygningsregistrering: Hamar distrikt: Raumabanen. s. 74–87.
- Noregs Statsbanar og Riksantikvaren (1993). Eivind Hartmann/Øistein Mangset, red. Verneplan for jernbanebygninger. Oppdatert 1993. (PDF).
- Norsk Reiseinformasjon (1997). Rutebok for Norge (PDF). s. 567.
- Noregs Statsbanar og Riksantikvaren (1997). Eivind Hartmann og Øistein Mangset, red. Verneplan for jernbanebygninger. Oppdatert mai 1997 (PDF). s. 29.
- Egil Ulateig (1998). Heimevernets hjerte: Heimevernskolen Dombås 1948–1998. ISBN 8299469503.
- Jernbaneverket (2004). Nasjonal verneplan for kulturminner i jernbanen 1. s. 56-57.
- Thor Bjerke og Finn Holom (2004). Banedata 2004. Norsk Jernbaneklubb/Norsk Jernbanemuseum. s. 94–97. ISBN 82-90286-28-7.
- Bane Nor (2023). Nasjonal Signalplan 2023 (PDF). s. 6.
- Denne artikkelen bygger på «Dombås stasjon» frå Wikipedia på bokmål, den 26. mai 2024.