Dokketeater
Dokketeater er ei form for teater der rollene i skodespelet vert framstilte av dokker eller figurar.
Typar
[endre | endre wikiteksten]Ofte vert dokketeater delt inn i typar etter rørsla for dokkene i framføringane. Dei vanlegaste typane er
- marionettar, som blir styrt ved hjelp av snorer og stavar,
- stong- eller handdokker, som blir styrt nedanfrå eller som ein hanske, eller
- flate dokker som blir opplyst bakfrå og vert brukt i skyggeteater.
Scenene kan variere frå store teaterscener med imponerande scenografi og komplisert mekanikk til svært enkle einmannskassar.
Figurteater er ei nyare form for dokketeater som blandar dokker, figurar og levande skodespelarar i forskjellige scenografiske uttrykk, ofte i stykke også berekna på vaksne.
Dokketeater som kunstnarisk uttrykk og underhalding er dessutan nært i slekt med moderne dokkefilm.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Dokketeatertradisjonane strekkjer seg tilbake til det gamle Egypt, Hellas og Italia. Det er gjort fleire arkeologiske funn som tyder på dette, og skuggedokker er også nemnt i den greske filosofien.
Den katolske kyrkja tok tidleg i bruk dokketeater for pedagogiske føremål. Ei dokke av den unge Jomfru Maria, på fransk Marion, var ein vanleg figur i kyrkjespel i mellomalderen og gav blant anna namn til omgrepet marionett. Ei folkeleg form oppstod parallelt frå 1500-talet med utgangspunkt i commedia dell'arte, lystige improvisasjonskomediar med faste rollefigurar. Den italienske Pulcinello-figuren blei ført vidare i Punch-figuren i England, Polichinelle i Frankrike, Hanswurst eller Kasper i Tyskland, Petrusjka i Russland, Mester Jackel i Danmark og Kasper i Sverige. Slikt dokketeater vert framleis kalla kasperteater på svensk. Det vendte seg opphavleg til vaksne, men blei sidan særleg utforma for barn.
I Austen har dokketeaterkunsten lenge vore høgt vørdt. Høgdepunktet i Japan blei nådd på 1500-talet då fleire høgvørde forfattarar skreiv stykke for dokketeaterspel. Seinare har særleg indonesisk skuggeteater stått sterkt.
I moderne tid har dokketeater i form av komiske handdokker blitt verdskjend gjennom dei amerikanske TV-seriane Muppetshow og Sesame Street, som i Noreg blei presenterte gjennom den pedagogiske barne-TV-serien Sesam Stasjon. Andre døme på populære filmar frå nyare tid er Team America og The Thunderbirds, der rollene blir framstilte ved hjelp av marionettfigurar. I Noreg er særleg italiensk-norske Ivo Caprino sine animasjonsfilmar blitt populære, filmar der dokkene ofte er styrt ved hjelp av mekaniske innretningar. Bjørg og Arne Bust Mykles Pompel og Pilt var ei kontroversiell dokketeater-serie på NRK sitt barne-TV i 1970-åra; nokre tiår seinare fekk serien nær kultstatus.[1]
I Noreg
[endre | endre wikiteksten]Det er ei rekkje store og mindre dokketeaterscener og -ensemble i Noreg i dag. Anne Helgesen har i si doktoravhandling om dokketeateret si historie og status i Noreg påvist at det har vorte spela dokketeater i landet i mange hundreår. Men det var ikkje før i siste halvdel av 1900-talet at dokketeaterensemble blei integrert i institusjonsteatera.
I Oslo var Julian Strøm sjef for Folketeatret sitt dokketeater frå 1953 til 1959. Då Folketeatret og Det Nye Teater slutta seg saman i 1959, fylgde Strøm med og vart sjef for dokketeateret i nyskipinga Oslo Nye Teater.[2] Frå 1966 til 2003 var Frogner Hovedgård (Oslo Bymuseum) tilhaldsstaden for Oslo Nyes Dukketeater. I 2003 flytta dokketeateret til Trikkestallen, der teateret framleis held til (2017).
Utøvarar
[endre | endre wikiteksten]Kjende norske dokkespelarar er Arne Bust Mykle, Bjørg Mykle, Birgit Strøm, Anne Helgesen og Åsmund Huser. I Tsjekkia, der dokketeaterkulturen har lange og sterke tradisjonar, er blant anna Jan Svankmajer kjent for å blande dokketeater og animasjonsfilm. I USA har det vore fleire buktalarar med kjende dokker, blant anna Edgar Bergen og hans populære Charlie McCarthy.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Arne Bust Mykle er død» (på norsk). Nettavisen. 13. oktober 2015. Henta 25. november 2017.
- ↑ Øystå, Øystein. «Julian Strøm». Norsk biografisk leksikon. Henta 11. juni 2016.