Dissosiasjon i kjemi
Utsjånad
Dissosiasjon i kjemi og biokjemi i ein generell prosess der ioniserte stoff (kompleksar eller saltar) som vert skild frå kvarandre eller delt inn i mindre partiklar, ion eller radikalar. Vanlegvis er prosessen reversibel. Når ein set ei Bronsted-Lowry-syre i vatn, vil den kovalente bindinga mellom eit elektronegativt atom og eit hydrogenatom verte broten ved heterolyse, som fører til eit proton og eit negativt ion. Dissosiasjon er det motsette av assosiasjon og rekombinasjon. Prosessen vert ofte forveksla med ionisering.
Dissosiasjonskonstanten
[endre | endre wikiteksten]For revisible dissosiasjonar i kjemisk likevekt er
- AB A + B
Dissosiasjonskonstanten Kd er forholdet mellom dissosiert og udissosiert stoff
der klammeparentesane syner til likevektskonsentrasjonane av kvar art.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dissociation (chemistry)» frå Wikipedia på engelsk, den 9. november 2009.