Diskusjon:Furu
Er forma furu verkeleg hovudform?? Når vart jamvektsformer av hokjønn normalmål? Det heiter då ei fure (eller fura som eg skriv (eller ei fora som eg seier)), har det at mange som ikkje talar jamvektsmål knotar etter austlendingane her, slege rot i rettskrivinga òg no??!! Jøye meg... (eller sett på makan! som det heiter på jamvektsmål...) Eg tykkjer oppslagsforma i det minste bør endrast til fure --Berre ei sleggje 19. nov. 2005 kl. 15:36 (UTC)
- Sideformer skal ikkje brukast som oppslagsord eller i kategoriar, sjølv om dei er velkomne i artiklar. Men «furu» (f1) er like godkjend som «fure» (f2) i Nynorskordboka. -- Ranveig 19. nov. 2005 kl. 16:28 (UTC)
- Jamvektsmål blir no tala fleire stader enn berre på Austlandet (minus sørlege Østfold) — Trøndelag og Nordmøre kan t.d. nemnast. Og for den saks skuld Härjedalen og Jämtland på austsida av svenskegrensa, såvel som ymse stader i svenskspråkleg Sverige og Finland. På Nordmøre seier ein mest fǫrǫ (bøygd som f2), med føru og stundom furu som variantar i indre strøk — når ein ikkje seier tǫill’ eller tǫilltré da. Formene med u- eller o-endingar har elles akkurat like grunnsolide røter i norrønt som former som fura eller fure — dei kjem berre av akkusativ (og dativ og genitiv) i staden for av nominativ. Nynorsk Wikipedia — og nynorsk, for den saks skuld — er ikkje eit «eksklusivt» vestlandsprodukt. Frå første stund har det vore eit prosjekt som har inkludert brukarar frå begge sidene av dialektskiljet mellom vestnorsk og austnorsk. Og det bør vera klinkande klårt at austlendingar, trønderar og nordmøringar er akkurat like velkomne her som vestlendingar, nordlendingar og romsdalingar!! -- Olve 19. nov. 2005 kl. 18:29 (UTC)
- Dette har ingenting med det eg peika på å gjera... Poenget mitt er berre at jamvektsformer i regelen ikkje er normerte på nynorsk (utanom kløyvd infinitiv (og tydelegvis einskilde hokjønnsord som turu og furu)), difor tykkjer eg me kunne halda på dei regelfaste formene (i alle fall i artikkelnamn). Det er nemleg inkje gjennomført samsvar i rettskrivinga her, i og med at andre ord som er komne frå oblikve kasus like vel skal skrivast med -e/-a, so som tole, tvoge, soge, gote og longe (ikkje tolu, tvogu, sogu, gotu og longu), det er no eingong mynsteret i nynorsk (når ein ser bort frå den gjæve midlandsnormalen, då). So det er sagt, hadde eg vorte hoppande glad om nokon hadde fått innført fylgjerett jamvektsmål som ei lovleg nynorskrettskriving (maga, magan, magar, magane, furu, furo, furur, furune osb.), men slike einslege svolur og fylgjebrot som furu, gjer ingen sumar, men vert etter mi meining berre rotute og knotute. Men, altso, sidan furu då viser seg å vera sideform, får det heller vera som det er. --Berre ei sleggje 20. nov. 2005 kl. 12:46 (UTC)
- Du skreiv no: «har det at mange som ikkje talar jamvektsmål knotar etter austlendingane her, slege rot i rettskrivinga òg no??!!» Du kan kanskje skjønne korleis ein lett kan misforstå deg der...? :) Nåja. Ein verkeleg spenstig normal kunne ein ha fått om ein gikk etter eldre mål på ytre Nordmøre. Da hadde ein nemleg fått doble former av typen hanske/hanska, bakk(j)e/bakk(a), tange/tanga, stægje/stæga; og i nokon grad òg vækka/vikkǫ, slóa/slúǫ osv., og så kunne ein bøye nominativ og oblike kasus med helsa! :-D Elles er no midlandsnormal staseleg, ja — skal seie meg hjarteleg einig med deg der! Eg set no, som rimeleg er, stor pris på duun«normalen» òg, anna enn at -t i huset noko eg trur er praktisk å ha med. -- Olve 20. nov. 2005 kl. 18:58 (UTC)
Fletting med Furufamilien
[endre wikiteksten]Er dette ein artikkel um Pinus sylvestris elder um furufamilien? Um det fyrste, so lyt det gjerast MYKJE klårare. Um det andre so lyt me fletta med Furufamilien, sidan det her er snakk um same tema. Eg ser helst at namnet vert furufamilien, sidan det er snakk um ein biologisk familie, og som det vert peika på i artikkelen vert ofte furu nytta som namn for Pinus sylvestris.--Zach Janes 6. august 2008 kl. 19:27 (CEST)
- Dette er (eller bør vere) ein artikkel om slekta Pinus, tre som blant folk flest går under nemninga furu. Jf. artiklane om bjørk, or m.fl. I tillegg bør nokon skrive artikkelen om pinus silvesteris eller norsk furu. - Knut 6. august 2008 kl. 19:38 (CEST)
- Eg ser at vi for gran har valt ei anna løysing, med ein slektsartikkel under namnet granslekta. Kanhende det høver her òg, så kan vi leggje artikkelen om P. silvestris under namnet furu, og slepper velje mellom namna Vanleg furu eller Norsk furu. Men mønsteret for dei kjende treslaga er er artiklar om art, slekt og familie, så fletting trur eg vil bryte med etablert praksis, både her på og andre wikispråk. -Knut 6. august 2008 kl. 20:47 (CEST)
- Det var nett det eg skulde til å segja. Eg hev endra artikkelen, so han no er um Pinus generelt (mykje av det som stod fyrr var um P. sylvestris, og det fanst inkje um Pinus utanfor Norig). Men sidan det ser ut som dette er vanleg praksis, og andre hev teke det upp, so flytt eg no dette til Furuslekta og skriv artikkelen um til å handla um P. sylvestris.
- Slik, no er det ein artikkel (um enn noko studt) her, og ein annan på Furuslekta. --Zach Janes 6. august 2008 kl. 22:23 (CEST)
- Flott! Eg la på litt, men enno er han i stuttaste laget. - Knut 6. august 2008 kl. 22:39 (CEST)
- Slik, no er det ein artikkel (um enn noko studt) her, og ein annan på Furuslekta. --Zach Janes 6. august 2008 kl. 22:23 (CEST)
- Det var nett det eg skulde til å segja. Eg hev endra artikkelen, so han no er um Pinus generelt (mykje av det som stod fyrr var um P. sylvestris, og det fanst inkje um Pinus utanfor Norig). Men sidan det ser ut som dette er vanleg praksis, og andre hev teke det upp, so flytt eg no dette til Furuslekta og skriv artikkelen um til å handla um P. sylvestris.
- Eg ser at vi for gran har valt ei anna løysing, med ein slektsartikkel under namnet granslekta. Kanhende det høver her òg, så kan vi leggje artikkelen om P. silvestris under namnet furu, og slepper velje mellom namna Vanleg furu eller Norsk furu. Men mønsteret for dei kjende treslaga er er artiklar om art, slekt og familie, så fletting trur eg vil bryte med etablert praksis, både her på og andre wikispråk. -Knut 6. august 2008 kl. 20:47 (CEST)
Kjelde
[endre wikiteksten]Eg ser at me no hev furu som einaste naturleg vilvoksande furuart i Norig. Um det med det meinast einaste arten som ikkje hev vori innført, so er det nog rett. Men er det dette me vil skriva? Yver helvta av alle planteartar som veks vilt og stabilt i Norig i dag hev vori innførde ein elder annan gong (iflg. Lid). Det finst fire til seks artar i furuslekta (avhengig av korleides ein skil deim) som veks vilt i Norig i dag. Eg meiner dette er meir relevant informasjon. Me kann godt hava det med i artikkelen at P. sylvestris er einaste ikkjeinnførde art (um me òg fær ei kjelde på det), men eg meiner det er eit tolleg kunstig skilje, og ikkje naudsynleg treng hava heidersplass i innleiingsparagrafen.--Zach Janes 7. august 2008 kl. 01:34 (CEST)
- Det er eit innarbeidd skilje mellom framande artar og dei som finst naturleg. Dette skiljet kjem mellom anna til uttrykk i levande skog-standarden (sjå [1]). Kor mange furuartar som er introduserte, veit eg ikkje om det finst tal på. Du har sjølvsagt rett i at vi treng kjelder. Men i det er ikkje så lett - få bryr seg om å skrive det «alle» veit. -Knut 7. august 2008 kl. 07:15 (CEST)