Digital signalprosessor
Utsjånad
Digital signalprosessor er nemninga på mikroprosessorar spesielt utvikla for å nyttast inna digital signalhandsamimg og diskret regulering. I daglegtalen nyttar ein gjerne nemninga DSP, som er forkortinga til det engelske namnet «digital signal processor». Det som skil ein DSP frå andre mikroprosessorar er at arkitekturen er optimaisert for å utføra typiske signalhandsamingsoppgåver, som utrekning av indreprodukt, 2. ordens ARMA-seksjonar, FFT, etc. Ein DSP er òg typisk utstyrt med I/O-einingar som er lette¨å kopla saman med AD-omformarar, DA-omformarar og andre I/O-einingar.