Det nederlandske koloniriket
Det nederlandske imperiet eller det nederlandske koloniriket (nederlandsk Het Nederlandse Koloniale Rijk) er koloniriket til Nederland. Kolonihistoria byrja på 1600-talet, då Det nederlandske austindiakompaniet (VOC) byrja sjå etter nederlandske handelsinteresser i Indiahavet.[1]
Ulike koloniar
[endre | endre wikiteksten]Surinam
[endre | endre wikiteksten]Surinam, som tidlegare heitte Nederlandsk Guyana, blei nederlandsk koloni i 1667 og sjølvstendig i 1975. Kort tid etter sjølvstendet flytta ein tredel av innbyggjarane i Surinam til Nederland.[2] Det einaste offisielle språket i staten er framleis nederlandsk.[3]
Indonesia
[endre | endre wikiteksten]Nederlendarar byrja kolonisera Indonesia på 1600-talet, og namnet på kolonien var lenge Nederlandsk Austindia. Under den japanske okkupasjonen i 1942 erklærte Indonesia sjølvstende.[4] Etter andre verdskrigen lykkast Nederland ikkje i å få øyane tilbake under kontroll, og i 1949 anerkjende dei indonesisk sjølvstende.[5]
I dag
[endre | endre wikiteksten]Nederlandsk kolonihistorie er stadig tydeleg i Sør-Afrika, der afrikaans blir snakka av fleire innbyggjarar. Ifølgje forskarar blei språket utvikla som eit kontaktspråk mellom nederlandsktalande innvandrar frå Europa og kreolisert nederlandsk som blei brukt av det lokale sanfolket.[6]
Den moderne Kongeriket Nederlanda består av Nederland, Aruba, Curaçao og Sint Maarten. Øyane Bonaire, Sint Eustatius og Saba fungerer som kommunar i Nederland og ikkje som separate land innan kongeriket.[7]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Dutch East India Company (på engelsk), Encyclopædia Britannica, 2015, henta 2. april 2020
- ↑ Suriname Country Profile (på engelsk), BBC News, 31. mai 2018, henta 3 april 2020
- ↑ Surinam, Utrikespolitiska institutet, 2020, henta 3. april 2020
- ↑ Indonesia Country Profile (på engelsk), BBC News, 2. oktober 2018, henta 3. april 2020
- ↑ Indonesia (på engelsk), CIA World Factbook, 2020, henta 3. april 2020 Arkivert 2008-12-10 ved Wayback Machine.
- ↑ Het Nederlands in de wereld: Zuid-Afrika (på nederlandsk), Freie Universität Berlin, 2015, henta 3. april 2020
- ↑ What are the different parts of the Kingdom of the Netherlands? (på engelsk), Government of the Netherlands, 2020, henta 3. april 2020
- Denne artikkelen bygger på «Nederländernas kolonier» frå Wikipedia på svensk, den 26. mars 2021.