Den indre marknaden
Den indre marknaden er ein avtale frå 1993 mellom landa i Den europeiske unionen (EU) og dei tre EFTA-landa som er medlemmer i EØS. Avtalen sikrar retten til fri flyt av varer, tenester, kapital og personar mellom medlemslanda (dei fire fridommane i EU).
Etableringa av den indre marknaden har ført til at fleire barrierar mellom landa har vorte fjerna, både fysiske (grensekontrollar), tekniske (standardar) og fiskale (indirekte skattar, momsreglar). Opninga av nasjonale marknader inneber felles regulering av produkt og retningslinjer. Mange nye politikkområde har seinare vorte lagde til den indre marknaden, slik som forsking, utvikling og miljø. Det har i tillegg vore diskutert ein femte fridom innanfor forsking og høgare utdanning: fri flyt av kunnskap, herunder studentar, forskarar, utdanningar, forskningsmidlar og liknande.
Noreg er knytt til den indre marknaden og dei fire fridommane gjennom EØS-avtalen. Desse fridommane gjeld derfor for norske borgarar på same måte som dei gjer for EU-borgarar. Etter Noregs nei til medlemskap i EU gjennom folkerøystinga i november 1994, har tilhøvet mellom Noreg og den indre marknaden i EU vorte regulert av EØS-avtalen. I tillegg har Noreg inngått ei rekkje andre avtalar med EU innanfor forsking, utdanning, miljø og anna. Desse avtalane gjev Noreg tilgang til samarbeidet i EU på fleire saksområde, men ingen formell rett til norsk politisk deltaking.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «EUs indre marked» i Store norske leksikon, snl.no.Denne politikkartikkelen som har med Europa å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.