Dei tre bispedøma
Dei tre bispedøma (fransk les Trois-Évêchés) utgjorde ein provins i Frankrike i tida før den franske revolusjonen. Det bestod av fyrstbispedøma Verdun, Metz og Toul i Lorraine-regionen.
Bispedøma var statar i Det tysk-romerske riket fram til dei vart erobra av den franske kongen Henrik II mellom april og juni 1552. Keisar Karl V av Habsburg starta eit felttog mot franskmennene under den italienske krigen 1551–1559 for å ta attende dei okkuperte bispedøma, men mislukkast då han vart slått av franskmennene under hertug Frans av Guise i slaget ved Renty i 1554. Etter keisaren abdiserte i 1556, avslutta etterfylgjaren hans Ferdinand I alle forsøk på å ta attende Dei tre bispedøma. Mot slutten av trettiårskrigen vart dei offisielt gjevne til Frankrike med freden i Westfalen i 1648.
Bispedømet Saint-Dié vart oppretta i 1777 og vert stundom kalla «det fjerde bispedømet i Lorraine», men er ikkje historisk knytt til dei tre bispedøma.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Three Bishoprics» frå Wikipedia på engelsk, den 18. januar 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Trois-Évêchés på Fransk Wikipedia
- 450th anniversary celebrations[daud lenkje] on the French Ministry of Culture's website
- Biography of Henry II Arkivert 2005-02-08 ved Wayback Machine.