Dee Murray
Dee Murray | |||
| |||
Fødd | 3. april 1946 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Gillingham | ||
Død | 15. januar 1992 (45 år) | ||
Dødsstad | Nashville | ||
Fødenamn | David Murray Oates | ||
Opphav | Southgate i London | ||
Aktiv | 1960-åra–1992 | ||
Sjanger | Rock | ||
Instrument | Bass | ||
Kjende instrument | Fender Precision Bass | ||
Tilknytte artistar | Elton John, Procol Harum, The Mirage, Spencer Davis Group, Alice Cooper, Nigel Olsson | ||
Verka som | Korvokalist, bassist |
Dee Murray (3. april 1946–15. januar 1992) var ein engelsk bassist, mest kjend som medlem i det originale rockebandet til Elton John.
Før han byrja å spele med Elton John turnerte han i lag med trommeslagaren i Nigel Olsson, som òg spelte med John, i Spencer Davis Group i 1968-1970.[1] Murray og Olsson byrja å spele med John i 1970 og spelte først på Tumbleweed Connection. Sjølv om dei turnerte fast med John, tillet plateselskapet hans berre å la dei spele på ein song per studioalbum. Etter Honky Château i 1972, klarte John derimot å overtyde plateselskapet om å la dei få bli fullverdige medlemmar av bandet til John. Murray og Olsson spelte med John fram til og med Captain Fantastic and the Brown Dirt Cowboy i 1975, då dei vart bytta ut fordi John ønskte ein ny stil.
Murray og Olsson spelte framleis i lag som studiomusikarar i Los Angeles og spelte mellom anna med Rick Springfield og Procol Harum. Mellom 1978 og 1979 arbeidde Murray med Alice Cooper.
Murray døydde av hjerneslag som følgje av langvarig hudkreft i 1992.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dee Murray» frå Wikipedia på engelsk, den 26. oktober 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st utg.). London: Reed International Books Ltd. s. 189. CN 5585.