DR Byen
Utsjånad
DR Byen | |||
| |||
Arkitekt | Vilhelm Lauritzen Arkitekter | ||
---|---|---|---|
DR Byen 55°39′29″N 12°35′28″E / 55.657979°N 12.590976°E |
DR Byen er hovudkvarteret til DR i Ørestaden på Amager i København i Danmark. Her vart alle aktivitetane til DR i København samla i 2006 og 2007. Alle medarbeidarane til DR flytta til DR Byen frå Radiohuset på Frederiksberg og TV-Byen i Søborg. DR Byen er eit av dei mest avanserte multimediahusa i verda.
DR Byen består av i alt fire delar:
- Del 1: Mellom anna DR Produktion
- Del 2: Mellom anna DR Nyheder
- Del 3: Mellom anna P4 København (Københavns Radio) og administrasjonen.
- Del 4: DR Koncerthuset husar også mellom anna DR Rytmisk.
Dei fyrste sendingane frå DR Byen starta i februar 2006. Den fyrste direktesendinga var underhaldningsprogrammet Showtime. Sidan byrja Debatten og Clement Direkte på DR2 å sende direkte frå dei nye lokala i Ørestaden.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «DR Byen» frå Wikipedia på bokmål, den 4. september 2011.