Curt Hansen
Curt Hansen | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 18. september 1964 (60 år) Bov Parish |
Yrke | sjakkspelar |
Curt Hansen på Commons |
Curt Hansen (fødd 18. september 1964) i Bov i Sønderjylland er ein dansk stormeister i sjakk og ein av dei sterkaste sjakkspelarane i Danmark gjennom tidene.
Han fekk det store gjennombrotet sitt 17 år gammal, då han vann europamesterskapen i sjakk for juniorar i 1982. Dette følgde han opp med danmarksmeisterskapen og nordisk meisterskap i sjakk det følgjande året, og i 1984 blei han verdsmeister i sjakk for juniorer. Enda eit år seinare hadde han oppfylt krava for å stormeister. Høgaste FIDE-rating er 2635 frå juli 2004, pr. november 2010 hadde han 2619. Høgaste plassering på verdsrankingen var i 1992, då han var nummer 14. Han har vunne om lag 20 større sjakkturneringar, seks danmarksmeisterskap, tre tyske lagmeisterskap med Köln Porz og 61 poeng på 94 landskampparti, mellom anna 66% i 48 OL-parti.
Curt Hansen er også ein framståande postsjakkspelar, der han også er stormeister.
Curt Hansen har sidan 1986 vore redaktør for sjakkspalta i Jyllands-Posten.
Danmarksmeisterskap
[endre | endre wikiteksten]Curt Hansen har vunne turneringa seks gongar: 1983, 1984, 1985, 1994, 1998 og 2000.
Viktige turneringssigrar
[endre | endre wikiteksten]- Junior-EM Groningen 1982 (10/13 poeng).
- Nordisk meisterskap Esbjerg 1983 (8,5/11 - første stormeister-norm).
- Multi-tabs GM-turnering Gladsaxe/Farum 1983(6/9 kategori 8).
- Junior-VM Kiljava Finland 1984 (10,5/13 - andre stormeister-norm).
- Borgarnes Island 1984 (8/11, kategori 8).
- Politiken Cup Vejstrup 1989 (6,5/9, kategori 10).
- Groningen 1991 (6/9, kategori 13).
- Super Chess Cup Tåstrup 1992 (6,5/9, kategori 13).
- Vejle 1994 (6,5/9, kategori 10).
- Malmö Sverige 1994 (7/9, kategori 12).
- Nordisk meisterskap og soneturnering Reykjavik 1995 (8,5/11).
- Samba Cup (Skanderborg) 2003 (5,5/9)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Biografi på SIS-MH Masters
- Statistikk hos ChessWorld.net
- Curt Hansen sine sjakkparti hos chessgames.com, vitja 19. august 2011
- Curt Hansen sitt ratingkort hos FIDE, vitja 19. august 2011