Cotonou-avtalen
Utsjånad
Cotonou-avtalen er ein traktat mellom Den europeiske unionen og African, Caribbean and Pacific Group of States («ACP-landa»). Han vart signert i juni 2000 i Cotonou, den største byen i Benin, av 78 ACP-land (Cuba signerte ikkje) og femten medlemsland i EU. Cotonou-avtalen trødde i kraft i 2003, og er den nyaste avtalen i utviklingssamarbeidet mellom ACP og EU.
Føremålet med Cotonou-avtalen er å redusere og etter kvart utslette fattigdom, samtidig som han skal bidra til berekratig utvikling og at ACP-landa gradvis kjem inn i verdsøkonomien. Den reviderte Cotonou-avtalen handlar også om kamp mot straffefridom og fremjing av rettferd gjennom Den internasjonale straffedomstolen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Cotonou Agreement» på Wikipedia på engelsk, innhenta 11. mai 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Cotonou-avtalen Arkivert 2012-10-24 ved Wayback Machine. hjå ACP-EU Trade.