Cosplay
Cosplay (av engelsk costume play, «kostymeleik», frå japansk コスプレ, kosupure ) er ein type performancekunst der ein person kler seg ut med kostyme og anna utstyr for å likna ein bestemt karakter frå manga, anime, teikneseriar, dataspel, filmar og tv-seriar. Subkulturen oppstod i Japan rundt 1980-talet og byrja å vekse seg stor på 1990-talet. Det er vanleg at cosplayarar skiftar kjønn på karakteren dei kler seg ut som, då kalla crossplay.
Antrekka kan vera alt frå enkle klesplagg til særs detaljerte kostyme. Når cosplayarane går med kostymene sine prøvar dei å etterlikna karakteren si åtferd og kroppsspråk. Cosplay har blitt ein vanleg del av fan-samlingar til alle slags seriar, og her kan ein ofte finne cosplay-konkurransar.
Nokre kjende cosplay-samlingar i Norge er:
- Desucon i Oslo eller Lillestrøm.
- Torucon i Trondheim.
- Banzaicon i Larvik.
- Metrocon i Stavanger.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «cosplay, n.», OED Online, Oxford University Press, September 2015. Web. 7. oktober 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Cosplay» frå Wikipedia på engelsk, den 6. oktober 2015.