Claudia Giordani
Utsjånad
Claudia Giordani | |
Statsborgarskap | Italia |
Fødd | 27. oktober 1955 (69 år) Roma |
Yrke | alpinist |
Språk | italiensk |
Høgd | 165 centimeter |
Far | Aldo Giordani |
Mor | Francesca Cipriani |
Claudia Giordani på Commons |
Claudia Giordani (fødd 27. oktober 1955) er ein italiensk tidlegare alpin skirennar frå Milano som vann sølvmedaljen i slalåm under Vinter-OL 1976 i Innsbruck.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Giordani slo seg inn i den alpine verdseliten på tampen av 1973-sesongen. Sesongen etter vann ho eit storslalåmrenn i franske Les Gets og tok sin fyrste siger i verdscupen i alpine greiner. Seinare, i februar 1977 og mars 1980, steig ho til topps i to slalåm-tevlingar i verdscupen. I alt stod ho 17 gongar på sigerspallen etter verdscuprenn.
Under dei olympiske vinterleikane i Innsbruck 1976 sikra Giordani seg sølvmedaljen i slalåm, berre den store forgrunnsfiguren under leikane, tyske Rosi Mittermaier, rann betre.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Claudia Giordani» frå Wikipedia på tysk, den 11. januar 2015.