Hopp til innhald

Chivasso

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Republikk-plassen i Chivasso

Chivasso er ein by og ein kommune i provinsen Torino i regionen Piemonte i Italia. Kommunen har i kring 27 000 ibuarar og eit flatemål på 51,3 km². Byen ligg på sørbreidda av Po, 183 meter over havet, nær åmotet mellom sideelva Orco og Po. Chivasso ligg om lag 20 kilometer aust-nordaust for provinshovudstaden Torino.

Chivasso-katedralen er bygt på 1400-talet.