Cedi
Utsjånad
Cedi (uttala 'sidi') er valutaen i Ghana. Valutakoden er GHC
1 cedi blir delt i 100 pesewa, men minste gongbare mynt er 50 cedi.
Valutaen har vore utsett for sterk inflasjon; i 1983 var kursen 1 USD = 90 cedi, i 1993 1 USD = 720 cedi og i 2003 1 USD = 8 500-8 800 cedi.
Pengesetlane finst i desse valørane:
- 1 000 cedi
- 2 000 cedi
- 5 000 cedi
- 10 000 cedi
- 20 000 cedi
Myntane finst i desse valørane:
- 50 cedi
- 100 cedi
- 200 cedi
- 500 cedi