Capitol
Utsjånad
Capitol | |||
| |||
Stad | Capitol Hill i Washington, D.C. | ||
---|---|---|---|
Arkitekt | William Thornton | ||
Påbegynt | 18. september 1793 | ||
Etasjar | 5 | ||
Stil | nyklassisistisk arkitektur | ||
Capitol 38°53′23″N 77°00′33″W / 38.889722222222°N 77.009166666667°W |
Capitol er møtestaden til kongressen i USA og ligg på Capitol Hill i Washington, D.C. Bygningen blei oppført frå 1793 av William Thornton i nyklassisistisk stil. Han blei seinare utvida med foajé for Senatet og Representanthuset, og avslutta i 1863 med fullføringa av den store kuppelen over sentralpartiet.
Capitol ligg i eit parkområde kalla Capitol Grounds, med National Mall i vest. Ein fontene, Bartholdi Fountain, og ein dam, Reflecting Pool, er delar av parken.
Namnet «Capitol» blei gjeve av Thomas Jefferson då utforminga av Washington som hovudstad blei planlagd. Det stammar frå Kapitol i Roma. Lovgjevande forsamlingsbygg i fleire delstatar i USA blir også kalla «Capitol».
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Capitol Building, aoc.gov
- «Capitol» (7. mars 2011), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 1. mai 2014.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- http://www.capitol.gov/
- http://www.aoc.gov/us-capitol-buildingDenne arkitekturartikkelen som har med historie og USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.