Brian Laudrup
Laudrup i 2013 | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Brian Laudrup | ||
Fødd | 22. februar 1969 (55 år) | ||
Fødestad | Wien i Austerrike | ||
Høgd | 186 cm | ||
Posisjon | Spiss, vinge, midtbane | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1986-1989 | Brøndby | 49 | (13) |
1989-1990 | Bayer Uerdingen | 34 | (6) |
1990-1992 | Bayern München | 53 | (11) |
1992 | Fiorentina | 31 | (5) |
1993-1994 | → Milan (lån) | 9 | (1) |
1994-1998 | Rangers | 116 | (33) |
1998 | Chelsea | 7 | (0) |
1998-1999 | København | 12 | (2) |
1999-2000 | Ajax | 31 | (13) |
Totalt | 342 | (84) | |
Landslag | |||
1984 | Danmark U-17 | 6 | |
1985-1987 | Danmark U-19 | (6) | |
1987-1988 | Danmark U-21 | 5 | (0) |
1987-1998 | Danmark | 82 | (21) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Brian Laudrup (fødd 22. februar 1969) er ein dansk, tidlegare fotballspelar, fødd i Wien. Han er son til Finn Laudrup og yngre bror til Michael Laudrup. Laudrup var med på Danmarks fotballandslag som i 1992 vann europameisterskapen.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Laudrup debuterte i 1986 med Brøndby IF. Med klubben vart han danske seriemeister 1987 og 1988 og cupvinnar 1989. I 1989 flytta han til Tyskland og spelte ein sesong i bundesligaklubben Bayer Ürdingen. Sommaren 1990 gjekk han over til FC Bayern München, der han dei neste sesongane skåra 11 gongar på 53 seriekampar. Laudrup flytta i 1992 til den italienske førstedivisjonsklubben Fiorentina og eit år seinare til AC Milan, der han hadde lite suksess.
Før 1994/95-sesongen flytta han vidare til den skotske toppdivisjonsklubben Glasgow Rangers. Rangers vart seriemeister både 1995, 1996 og 1997, i 1996 vart klubben også cupvinnar.
Laudrup gjekk i 1998 til Chelsea FC i England, der han allereie første vinteren reiste til FC København. Grunna svake prestasjonar forlet han klubben straks før sesongslutt. Sesongen 1999-2000 spelte han for den store nederlandske klubben Ajax Amsterdam. Ved sesongslutt la han opp grunna ein akillesskade som hadde plaga han ei tid.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Laudrup spelte 82 landskampar frå debuten i november 1987 til han spelte sin siste kamp i den landslagsstrøya, då Danmark i kvartfinalen under verdsmeisterskapen i fotball 1998 vart slått ut av Brasil med resultatet 2-3. I 1992 var han ein sentral spelar då Danmark vann 2-0 over Tyskland i EM-finalen i fotball 1992. Han skåra 21 landslagsmål.
Heider
[endre | endre wikiteksten]- Årets spelar i Danmark i 1989, 1992, 1995 og 1997
- Årets spelar i Skottland i 1995 og 1997
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Brian Laudrup» frå Wikipedia på tysk, den 22. februar 2012.