Brattvåg
Utsjånad
Brattvåg | |||
tettstad | |||
Brattvåg og Samfjorden sett frå fly.
Foto: per | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Ålesund | ||
Areal | 1,75 km² | ||
Folketal | 2 455 (2023) | ||
Folketettleik | 1 403 / km² | ||
Postnummer | 6270 | ||
Brattvåg 62°36′00″N 6°26′36″E / 62.6°N 6.4433333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Brattvåg |
Brattvåg er ein tettstad i Ålesund kommune i Møre og Romsdal. Staden var kommunesenteret i tidlegare Haram kommune. Tettstaden ligg på vestsida av Samfjorden og har tre skular; barneskule, ungdomsskule og vidaregåande. Han husar fabrikkar for Rolls-Royce og Aker Yards.
Brattvåg vart busett 17. mars 1912. Då flytte Anna og Iver Skjelten inn i huset dei nett hadde bygd seg i det som då heitte Brattholmvågen. Etter at dei hadde fått bygd kraftverk, bygde dei sildoljefabrikk, guanomylne og jodfabrikk.
Seinare flytte slektningar av Ivar Skjelten til. Dei hjelpte til med industrialiseringa. Åtte år etter det fyrste huset vart bygd var det 22 verksemder i Brattvåg.
Herrelaget til Brattvåg IL spelar i avdeling 9 i 3. divisjon.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Oddgeir Bruaset: Arven. Ålesund 2007. ISBN 978-82-91385-44-0Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.