Borislav Mikhajlov
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Borislav Biserov Mikhajlov | ||
Fødd | 12. februar 1963 (61 år) | ||
Fødestad | Sofia i Bulgaria | ||
Høgd | 186 cm | ||
Posisjon | Målvakt | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1981–1989 1989–1991 1992–1994 1994–1995 1995–1997 1997–1998 1998–1999 |
Levski Sofia Belenenses Mulhouse Botev Plovdiv Reading Slavia Sofia Zürich |
180 (0) 29 (0) 65 (0) 20 (0) 24 (0) 14 (0) 1 (0) | |
Landslag | |||
1983–1998 | Bulgaria | 102 (0) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Borislav Biserov Mikhajlov (fødd 12. februar 1963 i Sofia) er ein bulgarsk pensjonert fotballspelar, med 102 kampar for det bulgarske fotballandslaget. Han spelte på klubbnivå for Levski Sofia, Belenenses, Mulhouse, Reading, Botev Plovdiv, Slavia Sofia og FC Zürich. Han vart kåra til årets fotballspelar i Bulgaria i 1986. Han er faren til ei anna bulgarsk fotballmålvakt, Nikolaj Mikhajlov.
Mikhajlov vart president for det bulgarske fotballforbundet i 2005.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Mikhajlov byrja seniorkarrieren sin i 1981 hos storklubben Levski Sofia i heimbyen. Tida hos hovudstadsklubben vart både hans mest langvarige og suksessrike periode. Gjennom sesongane i klubben vann han tre seriemeisterskap og tre pokalsigrar. I 1989 valde han å forlate heimlandet, og skreiv kontrakt med Belenenses i Portugal. Han spelte etterfølgjande år òg for franske FC Mulhouse, føre turen i 1994 gjekk til Botev Plovdiv. I 1995 skreiv han kontrakt med den engelske klubben Reading som på dåværande tidspunkt var på det nest høgste nivået av det engelske ligasystemet. Opphaldet i England vart ikkje nokon suksess, og etter to år med moderat speletid reiste Mikhajlov attende til Bulgaria for å spele for Slavia Sofia. Han avslutta karrieren sin i sveitsisk fotball for FC Zürich.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Mikhajlov er med 102 kampar innehavar av kamprekorden for flest landskampar for det bulgarske landslaget, som han representerte mellom 1983 og 1998. Han deltok òg i VM-sluttspel i 1986, 1994 og 1998. Størst suksess fekk han i sluttspelet i VM i 1994, der han leia Bulgaria til semifinalen som dei til slutt tapte for Italia. Han deltok dessutan i EM i 1996 og VM i 1998.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Borislav Mikhajlov» frå Wikipedia på dansk, den 17. april 2020.
- National-football-teams
- Eu-football[daud lenkje]