Bolton
Utsjånad
Bolton | ||
---|---|---|
Bolton Town Hall | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Stor-Manchester | |
Distrikt | Bolton | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2007) |
142 002 | |
Koordinatar | 53°35′N 2°26′W / 53.583°N 2.433°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | BL1-BL7 | |
Telefon-retningsnummer | 01204 | |
Nettstad: www.bolton.gov.uk | ||
Bolton er ein stor by i den nordvestlege delen av England. Han ligg nær West Pennine Moors, og er administrasjonsby for distriktet Bolton, nordvest i Stor-Manchester. Byen har kring 140 000 innbyggjarar. Byen ligg 18 km nordvest for sentrum av Manchester, i det store kolfeltet vest for Penninane.
Byen har sidan slutten av 1700-talet vore eit viktig senter for tekstilindustrien, særleg bomull. Den mekaniske industrien er i dag den viktigaste industrien, med produksjon av tekstilmaskiner, bilutstyr og meir. Det ligg eit tekstilmuseum i byen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Bolton» i Store norske leksikon, snl.no.