Hopp til innhald

Bolsøya

Koordinatar: 62°43′48″N 07°18′08″E / 62.73000°N 7.30222°E / 62.73000; 7.30222
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For Bolsøy herad, sjå Bolsøy.
Bolsøya
Geografi
Stad Romsdal
Koordinatar 62°43′48″N 07°18′08″E / 62.73000°N 7.30222°E / 62.73000; 7.30222

Areal 5,2 km²

Høgaste punkt Fårøyura (69 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Møre og Romsdal

Demografi
Folketal 486 (2024)
Folketettleik 93 /km²

Bolsøya er ei øy i Molde kommune i Møre og Romsdal. Øya ligg sør for Fannefjorden i Romsdalsfjorden og har eit areal på 5,2 km² og 486 innbyggjarar per 1. januar 2024. Den sørlege delen av Bolsøya heiter Fårøya, noko som truleg skuldast at dei to delane på den tida namna vart gjevne, tidleg i mellomalderen, truleg var fråskild på grunn av høgare vasstand. Det høgaste punktet på øya er 69,5 moh. og ligg på Fårøya.

Riksveg 64 mellom Molde og Åndalsnes kryssar øya, som er knytt til fastlandet gjennom Fannefjordstunnelen mot Molde og Bolsøybrua mot Skålahalvøya. Vegen er bompengefinansiert og vart nedbetalt sommaren 2005.

Den høgaste bautasteinen i landet, Trollpila står ved kyrkjegarden på Bolsøya. Kyrkja vart derimot riven i 1907. Barneskulen Bolsøya skole ligg på øya.

Fram til 1964 var øya del av Bolsøy kommune.

Folketalsutvikling

[endre | endre wikiteksten]
1801[1] 1900[2] 2000[3] 2024[3]
52 136 247 486