Bohai
Bohai | |||
bukt | |||
Satellittbilde av Bohaibukta. (Kjelde: NASA)
| |||
Land | Folkerepublikken Kina | ||
---|---|---|---|
Del av | Gulehavet, Stillehavet | ||
Bohai 38°42′N 119°54′E / 38.7°N 119.9°E | |||
Kart som viser Bohai.
| |||
Wikimedia Commons: Bohai Sea |
Bohai eller Bohaibukta[1] er den inste av buktene i Gulehavet og har kyst mot Kina i nord, vest og sør. Ho ligg søraust for Beijing, er 480 km lang og 29 km brei, og dekker eit område på rundt 823 000 km².
Namn
[endre | endre wikiteksten]Bohai (kinesisk skrift 渤海, pinyin Bó Hǎi) tyder direkte omsett 'Bo-havet'
Fram til januar 1929 heitte bukta offisielt Chih-li-bukta. Chih-li (moderne transkripsjon Zhili) var eit tidlegare namn for provinsen Hebei. Eit anna tidlegare namn var Pechili-bukta.
På norsk er bukta også blitt kalla Pohaibukta etter ein tidlegare transkripsjon av Bohai.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Bukta grensar mot Liaodong-halvøya i nordaust og Shandonghalvøya i sør. Ho er delt inn i tre mindre bukter som heite Laizhou (i sør), Liaodong (i nord) og Bohai (i vest). Elvene Huang He, Liao He og Hai He renn ut i Bohai.
Bohai grensar til provinsane Shandong, Liaoning og Hebei, og til byen Tianjin som er ei eiga administrativ eining på provinsnivå. Blant hamnebyar ved Bohai kan ein nemna:
- Qinhuangdao i Hebei
- Dalian, Jinzhou og Yingkou i Liaoning
- Longkou, Weihai og Yantai i Shandong
- Tanggu i Tianjin
Bukta har nokre få øyar. Den viktigaste er Zhifu, som er del av byprefekturet Yantai i Shandong.
Det er funne olje og naturgass i bukta.
Samferdsel
[endre | endre wikiteksten]Ei togferje som opna i 2007 kryssar den nordlege delen av bukta mellom Dalian og Yantai.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Utanlandske stadnamn: A–Å», Språkrådet, henta 2. mars 2021
- Denne artikkelen bygger på «Bo Hai» frå Wikipedia på bokmål, den 12. juli 2011.