Hopp til innhald

Bhisho

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bhisho
by
Minnestaden for Bhisho-massakren.
Land  Sør-Afrika
Fylke Eastern Cape
Kart
Bhisho
32°50′58″S 27°26′17″E / 32.8494°S 27.4381°E / -32.8494; 27.4381

Bhisho (xhosa for bøffel, tidlegare stava Bisho) er ein by i Sør-Afrika og provinshovudstad for Eastern Cape. Bhisho var også hovudstad for den tidlegare bantustanen Ciskei.

Bhisho har namn etter elva som renn gjennom byen, som også er kjend som Buffalo-elva. Han blei bygd ut på 1970- og 1980-talet. Byen ligg rundt 3 km unna hamnebyen East London og nord for den tidlegare provinshovudstaden King William's Town.