Berlinkonferansen
Berlinkonferansen var ein internasjonal konferanse som blei halden i Berlin i 1884–85 og som delte opp Afrika mellom europeiske kolonimakter. Konferansen er rekna som høgdepunktet i det imperialistiske kappløpet om Afrika.
Alle europeiske statar blei invitert til å delta i konferansen av den tyske kanslaren Otto von Bismarck. Dei europeiske landa Tyskland, Austerrike-Ungarn, Belgia, Danmark, Frankrike, Storbritannia, Italia, Nederland, Portugal, Russland, Spania, Sverige-Noreg og Det osmanske riket (Tyrkia) deltok på konferansen. I tillegg sende USA og Etiopia delegatar.
Avtalen blei underteikna 26. februar 1885. Berlinkonferansen trekte opp grensene for besittelsane til kolonimaktene i Afrika. Då koloniane seinare fekk sjølvstende, følgde dei nye landa i hovudsake desse grensene.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Berlinkonferansen» (26. mars 2015). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 17. juli 2015.