Baunatal
Utsjånad
Baunatal | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Areal | 38,27 km² | ||
Folketal | 28 298 (31. desember 2023) | ||
![]() Baunatal 51°15′32″N 9°25′06″E / 51.258888888889°N 9.4183333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Baunatal |
Baunatal er ein by i Landkreis Kassel nord i delstaten Hessen i Tyskland. Byen har om lag 28 000 ibuarar. Baunatal vart skipa i 1964 då fire kommunar vart slått saman, sidan den gongen har ytterlegare tre kommunar vorte innlemma i bykommunen.
Ein Volkswagen-fabrikk med i kring 17 000 tilsette er dominerande næringsaktør i Baunatal.
Det norske fotballandslaget vann i Baunatal den 14. november 1979 1-0 over det vesttyske amatørlandslaget i avgjerande kvalifiseringskamp til Sommar-OL 1980. Sigeren var til inga nytte, då Norges Idrettsforbund i mars 1980 valde å lyde USA og boikotte sommarleikane i Moskva.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Baunatal» frå Wikipedia på tysk, den 12. august 2019.