Barletta
Barletta | |||
by | |||
Domkyrkja i Barletta
| |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Region | Puglia | ||
Provins | Bari | ||
Areal | 149,35 km² | ||
Folketal | 92 427 (1. januar 2023) | ||
Borgarmeister | Nicola Maffei | ||
Postnummer | 70051 | ||
Retningsnummer | 0883 | ||
Barletta 41°19′00″N 16°17′00″E / 41.316666666667°N 16.283333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Barletta |
Barletta er ein by i provinsen Bari i regionen Puglia i Italia med om lag 95 000 innbyggjarar. I 2009 vert byen hovudstad i den nye provinsen Barletta-Andria-Trani.
Byen er kjend for Kolossen i Barletta, ein bronsestatue som truleg viser den romeske keisaren Theodosius II. Byen var åstad for La Disfida di Barletta (Utfordringa i Barletta), eit slag i 1503 der 13 italienarar kommandert av Ettore Fieramosca slo franskmennene. I nærleiken av Barletta ligg den arkeologiske staden Canne della Battaglia der det kjende slaget mellom romarane og kartagarane med general Hannibal.
Av nabokommunar rundt Barletta finn ein Andria, Canosa di Puglia, Margherita di Savoia, San Ferdinando di Puglia, Trani og Trinitapoli.
Byen har ei lang sandstrand som strekkjer seg frå aust til vest frå den kommersielle hamna.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Barletta voks opp som ei hamn for Cansoa i romartida, då kalla Bardulos eller Barulum.
På byrjinga av 1500-talet, under ein krig mellom Frankrike og Spania, var byen åstad for ein historisk siger for italienske riddarar mot dei franske invasjonsstyrkane. Dette vart kjend som utfordringa i Barletta.
Byen var hovudstad i området mellom 1806 og 1927.
Under den andre verdskrigen var byen ein av dei første der italienarane gjorde motstand mot nazistane. Dette fekk byen gullmedalje for etter krigen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Barletta» frå Wikipedia på engelsk, den 2. januar 2008.