Hopp til innhald

Baktun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein baktun /ˈbɑːktn/[1] (eigentleg b'ak'tun [ɓak'tun]) er 20 k'atun-syklusar i den lange mesoamerikanske kalenderen. Han inneheld 144 000 dagar, lik 394,26 tropiske år. Den klassiske perioden i mayasivilisasjonen gjekk føre seg i løpet av den 8. og 9. baktunen i den noverande kalendersyklusen. Den noverande baktunen starta 13.0.0.0.0 — 21. desember 2012 ved å nytta GMT-korrelasjonen.

Arkeologen J. Eric S. Thompson uttalte at det er feil å seia at ein dato i den lange kalenderen på til dømes 9.15.10.0.0 er i «den niande baktunen», analogt med å skildra år 209 e.Kr. som i «andre hundreåret e.Kr.» Likevel er praksisen så godt etablert blant mayaepigrafar og andre mayastudentar, at å endra han ville gjera meir skade enn å føra han vidare.[2] Dagens praksis med å omtala dagens baktun som «baktun 13» eller «trettande baktun» kan stå, sjølv om det eigentleg er den fjortande baktunen. Alternativt kan den første baktunen i staden refererast til som den 0. eller null for å unngå denne tvitydinga.