Bakka kyrkje
Bakka kyrkje | |||
Bakka kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Aurland | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Sogn | ||
Sokn | Nærøy | ||
Fellesråd | Aurland | ||
Stad | Bakka | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Chr. H. Grosch[1] | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 11. mai 1859[1] | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | 200[1] | ||
Bakka kyrkje 60°55′03″N 6°52′13″E / 60.9175°N 6.8702°E | |||
Wikimedia Commons: Bakka kyrkje |
Bakka kyrkje står i grenda Bakka ved Nærøyfjorden, i Aurland kommune i Vestland.[1]
Kyrkja er soknekyrkje i Nærøy sokn i Sogn prosti og er ei trekyrkje frå 1859.[1] Fram til prestegjelda vart fasa ut frå 2004 låg kyrkja i Aurland prestegjeld.
Bygget er teikna av Christian Heinrich Grosch og er lite endra sidan ho var ny.[1] Dette er den fyrste kyrkja på staden og ho vart sett opp på Bakka fordi det var midt i soknet. Før ho vart bygd sokna folket ved Nærøyfjorden og i Nærøydalen til Undredal stavkyrkje i Undredal ved Aurlandsfjorden.
Altartavla frå 1907 er måla av Nils Bergslien og har ramme skoren av Magnus Dagestad. Ho viser Jesus i Getsemane.[1]
Nærøy sokn er eit av dei minste i folketal, og det er såleis ikkje så mange som soknar til kyrkja. På den andre sida er kyrkja truleg mellom dei mest fotograferte i landet, der ho ligg så lageleg plassert for dei mange med fotoapparat om bord på turistbåtane som fer på Nærøyfjorden.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Bakka.Foto: Christopher Macsurak
-
Sett utetter fjorden
-
Sett frå fjorden
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Djupedal, Torkjell; Vengen, Sigurd; Gjerde, Anders. «Bakka kyrkje». Kulturhistorisk leksikon. Fylkesarkivet i Vestland. Henta 24. juni 2021.
- «Kyrkjene i Nærøyfjorden» hjå NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
- Sigurd Muri: Norske kyrkjer. Det Norske Samlaget. Oslo 1971
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Om Bakka kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja
- «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
- Eldre fotografi av Bakka kyrkje på nettstaden til Nasjonabiblioteket
- Fotografi av Bakka kyrkje teke av Knud Knudsen i sist halvdel av 1880-åra
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- Bakka kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Bakka kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.