Artibonite
Utsjånad
Artibonite | |||
Atibonit | |||
departement | |||
Land | Haiti | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Gonaïves | ||
Artibonite 19°27′00″N 72°41′00″W / 19.45°N 72.6833°W | |||
Kart som viser Artibonite.
| |||
Wikimedia Commons: Artibonite (department) |
Artibonite (haitisk Atibonit ) er eit av ti departement i Haiti. Det ligg sentralt i landet, og grensar til Nord-Ouest i nord, Nord i nordaust, Centre i aust og Ouest i sør. Det er det største departementet i Haiti i areal, og har namn etter elva med same namn som kryssar det. Hovudstaden er Gonaïves.
Artibonite er hovudområdet for dyrking av ris i landet. Det har vore i økonomisk nedgang grunna kuppforsøka og den generelle ustabiliteten i landet, men etter valet av president René Préval har produksjonen av både ris og anna auka.
Administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]Departementet Artibonite er delt inn i 5 arrondissement og 15 kommunar:
- Arrondissement de Dessalines
- Desdunes
- Dessalines
- Grande-Saline
- Petite-Rivière-de-l’Artibonite
- Arrondissement des Gonaïves
- Ennery
- L’Estère
- Les Gonaïves
- Arrondissement de Gros-Morne
- Anse-Rouge
- Gros-Morne
- Terre-Neuve
- Arrondissement de Marmelade
- Marmelade
- Saint-Michel-de-l’Attalaye
- Arrondissement de Saint-Marc
- La Chapelle
- Saint-Marc
- Verrettes
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Artibonite Department» frå Wikipedia på engelsk, og «Artibonite (département)» frå Wikipedia på fransk den 12. mai 2011.
- «Population totale, population de 18 ans et plus menages et densites estimes en 2009» hjå Institut Haïtien de Statistique et d’Informatique, innhenta 12. mai 2011.