Hopp til innhald

Arnsberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arnsberg
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Nordrhein-Westfalen
Region Arnsberg
Landkreis Hochsauerland
Høgd 212 m
Areal 193,72 km²
Folketal 74 206 (31. desember 2023)
Grunnlagd 1000-talet
Postnummer 59755, 59757, 59759, 59821, 59823
Retningsnummer 02931, 02932, 02935, 02937,
Bilnummer HSK
Kart
Arnsberg
51°23′48″N 8°03′52″E / 51.396666666667°N 8.0644444444444°E / 51.396666666667; 8.0644444444444
Wikimedia Commons: Arnsberg

Arnsberg er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 75 000 innbyggjarar. Byen ligg i kreisen Hochsauerland nordaust for Sauerland i elvedalen til Ruhr.

Arnsberg vart bygd av grevane av Werl på 1000-talet. Dei bygde ei borg som ein framleis kan sjå restane av, og som vert nytta til folkelege feiringar.

På 1100-talet vart Arnsberg sete for westfalisk domsmakt. Seinare mista byen sjølvstende sitt og høyrte til Köln-området då erkebiskopane regjerte her. Byen vart heilt øydelagd under sjuårskrigen i 1769. I 1816 gjekk Arnsberg til Preussen og vart sete for ein lokal administrasjon.

Under den andre verdskrigen mista mange innbyggjarar livet under britiske bombetokt som hadde ein jernbaneviadukt som mål. Målet vart til slutt øydelagd 19. mars 1945 av ei Grand Slam-bombe.

Utsyn over byen.

Den noverande byen Arnsberg vart oppretta i 1975 ved at 14 byar og kommunar vart slått saman til ein by. Gamle Arnsberg og Neheim-Hüsten er to urbane delar, medan dei andre delane er meir landlege. Neheim og Hüsten vart slått saman i 1941.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Arnsberg