Hopp til innhald

Arne Askildsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arne Askildsen

Fødd25. august 1898
Kristiansand kommune
Død12. juli 1982 (83 år)
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
ReligionDen evangelisk-lutherske kyrkja
Yrkepolitikar, lensmann
BarnKjell Askildsen
Alle verv

Arne Askildsen (25. august 189812. juli 1982) var ein norsk lensmann og politikar, fødd i Kristiansand. Han representerte Kristeleg FolkepartiStortinget perioden 1954-57.

Askildsen var son til ein skipstømmermann. Etter framhaldsskule 1912/13 arbeidde han 1914-15 på kemnerkontoret i Kristiansand. Der etter gjekk han handelsskule og fekk i 1916 jobb på fylkeskontoret i Mandal, frå 1919 som fylkesfullmektig for Vest-Agder. I 1928 tok Askildsen over som lensmann i distriktet Halse, Harkmark og Mandal, ei stilling han hadde i 40 år.

Askildsen var medlem i kommunestyret i Mandal frå 1936 til 1940, 1945-47 og 1951-63. Hausten 1953 vart han vald inn på Stortinget for Kristeleg Folkeparti, perioden 1954-57 hadde han sete i Justiskomiteen. Gjennom størsteparten av livet var han aktiv i Norsk Luthersk Misjonssamband, mellom anna var styremedlem 1939–55 og 1958–64, i tillegg var han formann for pensjonskassa til misjonssambandet frå 1952 til 1966.

Arne Askildsen var far til forfattaren Kjell Askildsen.