Anna
Anna er eit kvinnenamn danna som ei gresk og latinsk avleiing av det hebraiske Hannah, som tyder 'gunst' eller 'nåde'. Ein annan, særleg spansk skrivemåte for namnet er Ana.
Anna har namnedag den 26. juli i Noreg og den 9. desember i Sverige. Både Anna og Ana er palindrom.
Tilknytingar
[endre | endre wikiteksten]Namnet er knytt til kristendommen. Tradisjonar fortel av mor til Jomfru Maria heitte Anna, sjølv om dette ikkje er nemnd i Bibelen. Ei kvinne kjend som profeten Anna er derimot nemnd éin stad i Nytestamentet.[1]
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Anna er utbreidd som namn i Belgia, Danmark, Finland, Hellas (Άννα), Italia, Island, Latvia, Polen, Russland (Анна), Sverige, Tsjekkia og Ungarn.
Namnet Anna har vore kjend i Noreg sidan 1300-talet, og var i vanleg bruk om lag frå byrjinga av 1500-talet. I nyare tid har Anna vore mellom dei mest brukte døypenamna på jenter i Noreg frå statistikken byrjar rundt 1880, og rundt 8 % av nyfødde jenter fekk namnet, før bruken sokk til under 2 % rundt 1925. Han tok seg opp att frå rundt 1995.
Bruk i kulturen
[endre | endre wikiteksten]Anna Karenina er ein kjend roman av Leo Tolstoj.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Anne av Bretagne (1477-1514)
- Anna av Austerrike (1601-1666), fransk dronning
- Anna Colbjørnsdatter (1667-1736), norsk kvinne knytt til slaget på Norderhov
- Anna Petrovna (1708-1728), russisk adeleg
- Anna Georgine Rogstad (1854-1938), fyrste kvinnelege stortingsrepresentant
- Anna Ancher (1859-1935), dansk kunstmålar
- Anna Welle Grue (1862-1944), norsk målkvinne
- Anna Haava (1864-1957), estisk lyrikar
- Anna Pavlova (1881-1931), russisk ballettdansar
- Anna Eleanor Roosevelt, (1884-1962), USA-amerikansk politikar og førstedame
- Anna Akhmatova (1889-1966), russisk diktar
- Anna Elisabeth Westerlund (1907-1995), norsk klårsynt
- Anna Magnani (1908-1973), italiensk skodespelar
- Anna Skeide (1910-1980), norsk lyrikar
- Anna Mae Bullock (f. 1939), USA-amerikansk artist kjend som Tina Turner
- Anna Lindh (1957-2003), svensk politikar
- Anna Politkovskaja (1958-2006), russisk journalist
- Anna Dorothea Riseng Skappel (f. 1962), norsk programleiar kjend som Dorthe Skappel.
- Anna Nicole Smith (1967-2007), USA-amerikansk modell
- Anna Gavalda (f. 1970), fransk forfattar
- Ana Ortíz (f. 1971), USA-amerikansk artist
- Anna Anka (f. 1971), polskfødd skodespelar og modell
- Anna Carin Zidek (f. 1973), svensk skiskyttar
- Anna Bache-Wiig (f. 1975), norsk forfattar og skodespelar
- Anna Lovisa Johnsson (f. 1977), svensk artist også kjend som Ana Johnsson, berre Ana eller Iza
- Anna Bogalij-Titovets (f. 1979), russisk skiskyttar
- Anna Kournikova (f. 1981), russisk tennisspelar
- Anna-Kristin Ljunggren (f. 1984), stortingsrepresentant
- Ana Ivanović (f. 1987), serbisk tennisspelar
- Anna Rossinelli (f. 1987), sveitsisk Eurovision-deltakar
Menn
[endre | endre wikiteksten]- Kong Anna eller Ana av East Anglia
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Luk 2,36». Bibelen. Arkivert frå originalen 28. november 2005. Henta 25. juli 2009. «Det var ei profetkvinne der, Anna Fanuelsdotter, av Asjers-ætta.»
- Denne artikkelen bygger på «Anna» frå Wikipedia på bokmål, den 25. juli 2009.