Hopp til innhald

Andregradslikning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Andregradslikninga er eit polynomisk uttrykk av andre grad, med éin variabel. Andregradslikningar kan skrivast på forma

Likninga har tre koeffisientar (a, b og c), og ein ukjend (x). Alle ledda kan vera både reelle eller komplekse tal. Likninga har som regel to løysingar, eller røter.

Venstre side i likninga er polynomfunksjonen , og denne funksjonen kan framstillast grafisk som ein parabel. Røtene i andregradslikninga er det same som nullpunkta til grafen, altso dei verdiane av x som gjev f(x) = 0.

Ein kan nytta den sokalla ABC-formelen for å finna røtene i andregradslikninga: