Hopp til innhald

Andreas Möller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
 Andreas Möller
Personleg informasjon
Fødd 2. september 1967 (57 år)
Fødestad Frankfurt am Main i Vest-Tyskland
Høgd 181 cm
Posisjon Midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1985-1987 Eintracht Frankfurt 35 (5)
1987-1990 Borussia Dortmund 75 (24)
1990-1992 Eintracht Frankfurt 69 (28)
1992-1994 Juventus 56 (19)
1994-2000 Borussia Dortmund 153 (47)
2000-2003 Schalke 04 86 (6)
2003-2005 Eintracht Frankfurt 11 (0)
Totalt 485 (129)
Landslag
1988-1990 Vest-Tyskland U-21  4 (2)
1988-1999 Tyskland 85 (29)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Andreas Möller (fødd 2. september 1967) er ein tidlegare tysk fotballspelar frå Frankfurt am Main. Han spelte 85 landskampar for Tyskland og skåra tjueni gonger. Han spelte for Tyskland i VM i 1990, 1994 og 1998. Og i EM i 1992 og i 1996. Han spelte for Eintracht Frankfurt, Borussia Dortmund, Schalke 04 og Juventus. Han blei europameister med Tyskland i 1996. Med Borussia Dortmund vart han ligameister i 1995 og 1996 og vann meisterligaen i 1997 og intercontinentalcupen same året, og han vart også cupmeister med klubben i 1989. Med Juventus vann han UEFA-cupen i 1993. Han vann også den tyske cupen med Schalke 04 i 2001 og 2002.

  • Europameister: 1996 med Tyskland
  • Verdsmeister: 1990 med Vest-Tyskland
  • Tysk ligameister: 1995 og 1996 med Borussia Dortmund
  • Tysk cupmeister: 1989 med Borussia Dortmund
  • Tysk cupmeister: 2001 og 2002 med Schalke 04
  • Vinnar av Meisterligaen: 1997 med Borussia Dortmund
  • Vinnar av Intercontinentalcupen: 1997 med Borussia Dortmund
  • Vinnar av UEFA-cupen: 1993 med Juventus