Amming
Amming er det å la avkom drikka morsmjølk frå brysta eller pattane. Å dia er å suga morsmjølk frå brysta eller pattane til ei mor. Pattedyr ammar altså avkommet sitt, medan avkommet diar mora.
Menneske
[endre | endre wikiteksten]Verdshelseorganisasjonen (WHO) tilrår amming til barn er to år, og lenger om mor og barn ønskjer det. Det finst inga øvre grense for kor lenge barn kan ammast som supplement til anna næring. I nokre kulturar har det vore eller er det vanleg å amma barn til fem-seksårsalderen. I Noreg er det anbefalt at spedbarn blir fullamma, dvs. at dei ikkje får anna næring enn morsmjølk, det fyrste halve leveåret. Amming blir deretter tilrådd vidare til barnet er eitt år.
Mengda mjølk som blir produsert er individuelt veldig ulik. Vanlegvis vil mjølkeproduksjonen etter kvart automatisk tilpassast behovet til barnet: Jo meir barnet drikk (eller jo meir ein pumpar), jo meir mjølk produserer brysta. Når ein sluttar å amma barnet, vil også mjølkeproduksjonen stansa etter ei stund, og vanlegvis ikkje byrja før slutten av neste graviditet. Det går an å stimulera til mjølkeproduksjon utanom svangerskap, til dømes ved adopsjon.
Amming er viktig for barnet ikkje berre på grunn av næringa i mjølka, men også fordi mjølka inneheld mange antistoff og vitamin som ikkje finst i morsmjølkerstatting. Også kroppskontakten og nærleiken er emosjonelt viktig for både barn og mor. Amming vil også føra til utskiljing av oksytocin i ammaren, noko som mellom anna fører til at livmora trekkjer seg saman etter fødselen og går tilbake til vanleg storleik. Ved komplikasjonar kan mjølka i staden pumpast ut og gjevast på flaske.
Ein vanleg komplikasjon ved amming er brystbetennelse. Det kan også ta litt tid før barnet lærer korleis det skal suga effektivt ved brystet. Av og til kjem ikkje mjølkeproduksjonen i gang eller strekk ikkje til. Ein frivillig norsk organisasjon, Ammehjelpen, gir råd ved komplikasjonar.
Medan ein fullammar eit barn, hender det at eggløysinga blir utsett, men dette er ikkje ein sikker prevensjonsmetode.[1]
I Noreg blir amming rekna som eit gode, og det er tilrettelagt for amming i lovverket.[2]
Historiske syn på amming
[endre | endre wikiteksten]I norsk folketru blei det ikkje rekna som heldig at småbarn dia mora si i meir enn to år, for det kunne dei få «vond tunge» av. I Gausdal heitte det at om mora lét barnet dia til tredje langfredag etter fødselen, ville det få «valketunge» som «er farlog med hensyn til avind, idet det barn vil, når det vokser opp, kunne føre uhell over andres kveg ved å sjå på det.» Borgartingslova har derfor eit forbod mot å la barn dia mor si lenger enn «to faster og til den tredje.»[3]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Prevensjon i ammeperioden
- ↑ «Ammefri», Arbeidstilsynet
- ↑ Reidar Marmøy: «Gjennom bølgedalen», Vårt folks historie, bind 4, Aschehoug, Oslo 1963 (s. 239)
- Denne artikkelen bygger på «Amming» frå Wikipedia på bokmål, den 26. november 2024.