Amioun
Amioun | |||
أميون | |||
by | |||
Land | Libanon | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Nord guvernement | ||
Distrikt | Koura distrikt | ||
Koordinatar | 34°18′0″N 35°48′0″E / 34.30000°N 35.80000°E | ||
Areal | 1 137 km² | ||
Folketal | 10 658 (2010)[1] | ||
Folketettleik | 9 / km² | ||
Grunnlagd | ca. 4 000 fvt. av fønikarane | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
• Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Retningsnummer | +961 | ||
Amioun 34°17′58″N 35°48′35″E / 34.299444444444°N 35.809722222222°E | |||
Kart som viser Amioun.
| |||
Wikimedia Commons: Amioun | |||
Nettstad: http://www.amioun.org |
Amioun (arabisk أميون, Amyūn) er det administrative senteret i den hovudsakleg gresk-ortodokse Koura distrikt nord i Libanon.
Etymologi
[endre | endre wikiteksten]Namnet Amioun kjem frå arameisk og tyder 'staden til grekarane'. Amioun ligg på toppen av ein gammal ås, og vart kalla «Amia» i antikken.[2] Amia er nemnt i Amarnabreva sende på 1300-talet fvt.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Amioun ligg i hjartet av Nord-Libanon og er det administrative senteret i Koura distrikt. Amioun ligg 330 meter over havet, og kring 78 km nord-nordaust for Beirut. Han ligg kring 42 km frå Guds seder-skogen og 18 km frå Tripoli, senteret i Nord guvernement.
Han ligg mellom sjøen og fjella og ei rekkje åsar som strekkjer seg frå aust til vest. Amioun er kjend for oliventre og olivenolje.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Amioun er ein særs gammal busetnad med ei historie som går attende til eldre steinalder. Dette vert støtta av fleire små grotter bygd inn i klippene i byen. Ein meiner at det semittiske folket busette seg her kring år 4000 fvt.
Amion har spor frå antikken, mellomalderen og meir moderne tid. Somme av byggverka i byen kan sporast tilbake til heidenske religionar. Då kristendomen kom til området vart dei heidenske templa i Amioun omgjort til kyrkjer.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Amioun» frå Wikipedia på engelsk, den 20. september 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 29. november 2014, henta 20. september 2014
- ↑ arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 10. mai 2013, henta 20. september 2014