Alcamo
Utsjånad
Alcamo | |||
by | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Areal | 130,79 km² | ||
Folketal | 44 569 (1. januar 2023)[1] | ||
Alcamo 37°58′00″N 12°58′00″E / 37.966666666667°N 12.966666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Alcamo |
Alcamo, siciliansk Àrcamu, er ein by og ein kommune i provinsen Trapani i regionen Sicilia i Italia. Kommunen har 45 504 ibuarar og eit areal på 130,8 km². Byen, som er den fjerde største i provinsen, ligg 256 meter over Middelhavet, som er fem kilometer unna. Frå Alcamo er det 50 km vestover til provinshovudstaden Trapani, og 66 km aust-nordaust til Palermo.
Landbruk, vinproduksjon og utvinning av kalksteinen travertin er hovudnæringar i Alcamo.
Byen Alcamo voks fram etter at ei borg vart bygt på staden i 1340.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Alcamo» frå Wikipedia på tysk, den 2. november 2013.