Hopp til innhald

Akryl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Akryl (frå engelsk acryl, danna av latin acer 'skarp' og endinga -yl) viser til ulike stoff som inneheld akrylgruppa (H2C=CH–C(=O)–) eller avleiingar av slike stoff. Dette er til dømes plasttypane polymetakrylsyrametylester og polyakrylnitril. Slike plast blir til dømes brukt til å laga kunststoffet akrylfiber, akrylfarge og akrylatfarge.

«Akryl» kan vera hannkjønn- eller inkjekjønnsord på nynorsk.

«akryl» i Nynorskordboka.