Afarregionen
Afar | |||
አፋር | |||
delstat | |||
|
|||
Land | Etiopia | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Semera | ||
Areal | 72 053,0 km² | ||
Folketal | 1 483 900 (2005) | ||
Afarregionen 11°49′00″N 41°25′00″E / 11.816666666667°N 41.416666666667°E | |||
Kart over Etiopia med Afarregionen avmerkt.
| |||
Wikimedia Commons: Afar Region |
Afar er ein av dei ni delstatane (kililoch) i Etiopia. Han var tidlegare kjend som Region 2. Delstatshovudstaden er Semera, som avløyste den tidlegare hovudstaden Asayita.
Folkesetnad
[endre | endre wikiteksten]Ifølgje tal frå Central Statistical Agency i Etiopia har Afar eit estimert folketal på 1 389 004 (2005), 90,9 % av dei busette på landsbygda.
Afar er det viktigaste språket i regionen og blir tala av 90,8 % av innbyggjarane. Andre store språk er amharisk (6,68 %), tigrinja (0,74 %), oromo (0,68 %), argobba (0,4 %) og wolaitigna (0,26 %).[1]
Geografi
[endre | endre wikiteksten]I regionen finn ein Afarsenkingam, eit lågtliggande, varmt og tørt område danna som eit møtepunkt mellom tre jordskorpeplater. Det var i Hadar]i Afarsenkinga at ein fann «Lucy»-skjelettet, eit over tre millionar gammalt skjelett av ei Australopithecus afarensis-kvinne, det eldste og mest fullstendige skjelettet som er funne av tidlege menneske i Afrika. I regionen er det funne fleire andre skjelettdelar av ulike mennesketypar, og tidlege steinverktøy.
Administrative distrikt
[endre | endre wikiteksten]Som dei andre regionane i Etiopia er Afar delt inn i mindre administrasjonsområde. Desse har ikkje namn, men blir kalla administrasjonssone 1-5. I tillegg har området ein argobba-woreda.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ FDRE States: Basic Information - Afar, Population (vitja 12. mars 2006)
- Denne artikkelen bygger på «Afar Region» frå Wikipedia på engelsk, den 15. april 2012.