Aaslaug Aasland
Aaslaug Aasland | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. august 1890 Sandnes kommune |
Død |
30. august 1962 (72 år) |
Yrke | politikar, jurist, fengselsdirektør, advokat |
Politisk parti | Arbeidarpartiet |
Medlem av | Norsk Kvinnesaksforening |
Aaslaug Aasland på Commons |
Aaslaug Aasland (11. august 1890–30. august 1962), fødd i Sandnes, var ein norsk jurist og politikar frå Arbeidarpartiet.
Statsråd
[endre | endre wikiteksten]Aaslaug Aasland var statsråd i Sosialdepartementet i perioden 1945 til 1953:
- 5. november 1945 - 20. desember 1948: Konsultativ statsråd i Einar Gerhardsen si andre regjering. Sven Oftedal var sjef for departementet og sosialminister fram til han døydde 23. juni 1948.
- 20. desember 1948 - 19. november 1951: Konstituert statsråd og sjef for Sosialdepartementet (sosialminister) i same regjering.
- 19. november 1951 - 2. november 1953: Statsråd og sjef for Sosialdepartementet (sosialminister), i Oscar Torp si regjering.
Aasland var den første kvinnelege statsråden frå Arbeidarpartiet, og den andre kvinnelege statsråden i Noreg. Den første var Kirsten Hansteen, NKP, i Einar Gerhardsen si første regjering i 1945. Aaslaug Aasland var ein banebrytar i norsk velferds- og sosialpolitikk.
Utdanning og karriere
[endre | endre wikiteksten]Aaslaug Aasland vart student i 1916, og vart cand.jur. i 1922.
Ho hadde kontorpost i Husfliden i Oslo og ved sakførarkontor. Etter juridikum arbeidde ho som sorenskrivarfullmektig i Alta 1922-1923. Ho var leiar for Norske Kvinners Nasjonalråd (NKN) sine sosialkurs og også sekretær i NKN 1924-1931. Ho var deretter inspektør ved fengsla og ved arbeidshuset for kvinner i Oslo 1931-1936. Ho var kvinneleg arbeidsinspektør 1936-1945, og direktør for Bredtveit kvinnefengsel frå 1945. Ho var konstituert byråsjef i Sosialdepartementet 1954-1955.
Verv
[endre | endre wikiteksten]Kommunalpolitiske verv:
- Medlem Oslo bystyre 1945-1947
Offentlege verv:
- Formann Hushjelplovkomiteen 1936-1939
- Formann Utredningskomiteen for Statens kommunal- og sosialskole 1948-1951
- Medlem Tilsynsrådet for Kvinnefengselet og Arbeidshuset for kvinner
- Medlem Styret for Norsk Vernesamband
- Medlem Statens ferieråd
Tillitsverv i organisasjonar:
- Medlem Styret for Norsk Folkehjelp
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Aasland, Aaslaug: Kvinners rettslige stilling, Oslo 1936
- Aasland, Aaslaug: Den nye arbeidervernloven, Oslo 1937